Hopp til innhold

Vikarkrise i skule og barnehagar: Her er Reidun (67) redninga

Pensjonist Reidun Kvien kjem som ein reddande engel inn i skulen. – Risikabelt å bruke eldre lærarar som vikarar, åtvarar Utdanningsforbundet sitt pensjonistråd.

Pensjonist Reidun Kvien går inn som vikar ved Tennfjord skule

Reidun Kvien har vore pensjonist i to og eit halvt år. No er ho tilbake som vikar på sin gamle arbeidsplass, Tennfjord skule.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I 2. klasse på Tennfjord skule i Ålesund er elevane akkurat ferdig med matteprøve. Den er det pensjonist Reidun Kvien som har stått for.

– Det er veldig kult å ha ho. Ho er veldig god, seier gutane på bakarste rekke.

Vikaren har 24 års fartstid frå denne skulen og veit kva ho styrar med. I haust har ho gitt avkall på rolege dagar heime med strikketøy og steppa inn i livlege klasserom.

– Det var kjekt å komme tilbake igjen, sjølv om eg har vore borte i to og eit halvt år. Det kjentest ut som det var førre veke eg slutta, ler Kvien.

Reidun Kvien ved Tennfjord skule

Reidun Kvien er glad for å vere tilbake i klasserommet igjen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Risikabelt

Harald Bjørløw

Harald Bjørlow er leiar i pensjonistrådet i Utdanningsforbundet.

Foto: privat

Skyhøgt sjukefråvær gjer at skular rundt om i landet må ta tidleg juleferie og barnehagar må redusere opningstidene. I Oslo og fleire andre kommunar blir det heimeskule.

Det er kritisk mangel på vikarar og regjeringa vil gjere det lettare for pensjonistar og studentar å bidra.

Men å utsette eldre lærarar for koronasmitte er risikabelt, seier Harald Bjørlow. Han er leiar i pensjonistrådet i Utdanningsforbundet.

– Eldre har mykje større risiko for å utvikle alvorleg sjukdom. Sjølv om ein er vaksinert både to og tre gongar kan ein bli smitta, seier Bjørlow.

Han meiner pensjonerte lærarar bør tenke grundig gjennom om dei skal gå inn som vikarar no. Dei han har prata med er engstelege for smitte og kvir seg for å gå inn i skulen igjen.

Frode Forland

Frode Forland er fagdirektør i Folkehelseinstituttet og meiner at barn ikkje smittar lett vaksne.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Godt beskytta

Fagdirektør i Folkehelseinstituttet, Frode Forland, seier at friske fullvaksinerte eldre lærarar, som også har tatt ein påfyllingsdose, er godt beskytta mot å bli smitta eller alvorleg sjuke. Barn smittar heller ikkje lett til vaksne.

Eldre som også har underliggande sjukdom og høgare risiko, bør kanskje heller gjere noko anna enn å vere i klasserommet, seier Forland.

I situasjonar der ein må vere nær barna, kan ein eventuelt bruke munnbind.

Fantastisk å kunne bruke pensjonist

Ole André Lukkedal, rektor ved Tennfjord skule

Ole André Lukkedal er rektor ved Tennfjord skule og slit med å få tak i nok vikarar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

For rektor ved Tennfjord skule, Ole André Lukkedal har heile hausten vore ein stor kabal for å få skulekvardagen til å gå opp.

Med få vikarar har han måtte omrokkert staben for å sikre at kvar klasse skal ha ein vaksen. Å kunne ringe til pensjonist Reidun er gull verdt.

– Det er heilt fantastisk å ha ein pensjonist. Dei veit kva som krevst og har stått i klasserommet i mange år og har mykje erfaring, seier Lukkedal.

Han skulle gjerne ynskje seg endå fleire av same sort.

Ikkje redd for smitte

Pensjonistvikar Reidun Kvien er ikkje redd for å bli koronasmitta.

– Eg har tatt alle koronavaksinene og influensavaksine. Eg har ingen underliggande sjukdommar og er passe sprek, seier Kvien.

Ho meiner andre friske pensjonistar som føler at dei har kapasitet bør ta utfordringa, dersom regjeringa sørger for at dei ikkje får trekk i pensjonen sin.

– Det beste med å kome tilbake er å vere saman med barna. Dei er så opne og spontane, seier Kvien.

Reidun Kvien er vikar ved Tennfjord skule

Å vere vakt i friminutta er ein del av jobben.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK