Hopp til innhold

Imarsundsambandet er opna

No er det vegsamband frå vest til aust i heile Aure kommune - samferdselsministeren opna Imarsundsambandet måndag ettermiddag.

Frå snorklipping på Imarsundsambandet
Foto: Picasa 2.6

Ferja mellom Seivika i Kristiansund og Tømmervåg i Aure var innstilt i fleire timar på grunn av uvêret. Både Liv Signe Navarsete og andre gjester stod lenge landtroll i Kristiansund og venta på at vinden skulle spakne slik at dei kunne komme fram til opninga.

 

Frå opninga av Imarsundsambandet på Aukan
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

  

Folkefest på Aukan

Og opningshøgtid blei det. Fleire hundre menneske var til stades på Aukan i ettermiddag, mange av dei hadde venta svært lenge. Då klokka nærma seg 15, kunne samferdselsministeren endeleg klippe snora. Eit nytt kapittel av samferdselshistoria i Møre og Romsdal er ferdigskrive.

 

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Foto: Picasa 2.6

Ny giv

- Eg håpar dette sambandet vil bety at fleire vil busetje seg i denne regionen sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Med Imarsundsambandet kan regionen kan få ein ny giv for næringsliv, for fleire arbeidsplassar og reiseliv, sa Navarsete.

Ordførar i Aure, Hans G. Lauritzen
Foto: Picasa 2.6

Samferdselsministeren ga ros til lokale styresmakter og bompengeselskapet som har jobba kreativt fram ei finansieringsløysing utan ordinære statlege midlar.

- Den evigvarande betalinga på ferja er erstatta av ei tidsavgrensa bompengebetaling ved at ein har fått bruke ferjeavløysingsmidlar, sa statsråden.  

Kommunesamanslåinga fullbyrda

- Endeleg er samanslåinga av kommunane Tustna og Aure fullbyrda, sa Aureordførar, Hans Lauritzen. Han uttrykte store forventingar til kva sambandet kan bety for kommunen og for regionen.

I tillegg til å vere fastlandssamband for Tustna vil det bety mykje som alternativ for trafikken mellom Kristiansunds- og Molderegionen og Trøndelag, sa Lauritzen.  

Imarsundbrua
Foto: Picasa 2.6

Vakker veg

Hans Lauritzen skrøyt også av kor fint anlegget passar inn i naturen og trur det vil lokke hit mange turistar.

- No er det opp til reiselivsaktørane å nytte høvet. Aureordføraren lanserte Imarsundsamabndet og riksvegen gjennom Tustna og Aure som kandidat til ”Vakre vegars pris”.  

Skuleborn på Imarsundopning
Foto: Picasa 2.6

Pionerprosjekt

Dette er det første store bruprosjektet i Noreg der innsparte ferjesubsidiar utgjer ein vesentleg del av finansieringa. Dessutan er Imarsundsambandet sjølve føresetnaden for at kommunane Tustna og Aure slo seg saman for eit år sidan.

Sjølv om ferjesambandet med Hitra no fell bort, vil kommunen arbeide for å få til ei ny ferjerute. Neste utfordring blir å betre sambandet med Kristiansund.  Overfartstida med ferja mellom Tømmervåg på Tustna og Seivika i Kristiansund er 25 minutt. 

Imarsundprosjektet
Foto: Statens vegvesen

  

Mange enkeltdelar

Det er mange delar som utgjer Imarsundprosjektet:

  1. Imarsundbrua: 550 m
  2. Litjsundbrua: 300 m
  3. Ny veg ved Aukan: 335 m
  4. Veg mellom bruene på Jørnøya: 620 m
  5. Ny rv. 680 over Ertvågøya: 2400 m
  6. Ny rv. 669 til Sandvika ferjekai: 1500 m
  7. Den nye Sandvika ferjekai i Smølasambandet
  8. Bomstasjon på Ertvågøya, ca. 700 m frå Litjsundet

Kostnadsoverslaget for prosjektet er 290 millionar kroner.

Endra ferjesamband

Den nye ferjekaia i Sandvika på Tustna gjer at ferjereisa til Edøya blir 5 minutt kortare enn dagens reise frå Aukan, som tar ca. 25 minutt. Kortare ferjetid og kortare veg å køyre gjer at det blir lettare å reise mellom Smøla og Kristiansund.

Ferjesambandet med Forsnes på Hitra blir lagt ned.

Kabelferje

Med i prosjektet er også eit tilskot til kabelferje over Nordheimsundet til Solskjelsøya. Dessutan skal det gjerast ei mindre utbetring av vegane på øya.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL