Hopp til innhold

Endeleg kan dei konkurrere igjen

Pandemien ramma idretten hardt. Ekstra tøft vart det for dei funksjonshemma. På idrettsleikane Monsiaden var det difor ekstra stor glede over å kunne konkurrere igjen.

Monsiaden 2022. Frå venstre Maria Therese Liavåg frå Hareid, Thea Kanutte Åmelfot frå Volda og Kristin Elisabeth Seljeset frå Hornindal

Monsiaden 2022. Frå venstre Maria Therese Liavåg frå Hareid, Thea Kanutte Åmelfot frå Volda og Kristin Elisabeth Seljeset frå Hornindal

Foto: Arne Flatin / NRK

– Pandemien har øydelagt veldig masse. Det at alt stoppa opp var trasig, seier Thea Kanutte Åmelfot frå Volda.

Ho er vanlegvis ei svært aktiv dame. Spelar fotball og volleyball. Idrettsleikane Monsiaden er kremen på kaka. Ein gong i året.

Det har gått tre år sidan sist dette vart arrangert, i juni 2019. På grunn av pandemien vart det avlyst både i 2020 og i fjor.

På grasbana på Eidsåvoll i Vanylven på Sunnmøre er det grått denne dagen. Men sola er der likevel. I fjesa på dei 160 som deltek. Dette har dei gledd seg til veldig lenge. Leikane vart arrangert for 25. gong denne veka.

Monsiaden, 60 meter med rullestol

60 meter med rullestol er ei av mange populære øvingar på Monsiaden. Idrettsleikar for utviklingshemma

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg er med på alle øvingar bortsett frå Boccia, seier Åmelfot. Ho var først på 400 meteren og vedgår at det betyr noko å vere først. Ho likar å konkurrere.

–Fantastisk å sjå alle smila

Arne Sandnes er leiar for Monsiaden. Han seier det er fantastisk å sjå alle smila og å høyre latteren og idrettsgleda frå 160 utøvarar denne dagen.

– To år med isolasjon har hatt store følgjer for dei funksjonshemma. Eg trur dette er ei gruppe som har kjend pandemien hardt på kroppen.

Arne Sandnes, leiar for Monsiaden Vanylven

Arne Sandnes, leiar for Monsiaden i Vanylven. Han seier det er fantastisk å sjå alle smila.

Foto: Arne Flatin / NRK

Katastrofe for dei funksjonshemma

Tidlegare idrettspresident Tom Tvedt er leiar for Norsk Forbund for Utviklingshemmede. Han har i mange år brukt mykje tid på å prioritere dei som fell utanfor.

Tom Tvedt

Tom Tvedt er leiar for Norsk Forbund for Utviklingshemmede. Han vil gjerne ta turen dit neste år. Han heiar på arrangement som dette.

– Pandemien har vore ein katastrofe og det har vore verre for dei funksjonshemma enn dei fleste andre. Då pandemien kom vart mange av bustadene til utviklingshemma låst av. Dei har fått mykje mindre aktivitet, og dermed vore meir fysisk inaktive. Og om du dreiv fysisk aktivitet før pandemien har det vore tungt å kome i gang igjen no etterpå.

Tom Tvedt er opptatt av at det må satsast endå meir på funksjonshemma.

Alle i Noreg skal ha eit tilbod og vere med i ein klubb. Det å ha på seg klubbdrakta. Det er viktig. Idrettsleikar som Monsiaden er veldig bra, men det viktigaste er det som skjer i kvardagen.

– Kjekt å vere i aktivitet

På Eidsåvoll konsentrerer Thea seg om å treffe ballongen under pilkastkonkurransen som er ein del av ei aktivitetsløype. Ho treng berre eitt forsøk før ballongen smell.

Veninna Kristin Seljeset er ikkje langt unna. Ho synest også det er veldig kjekt å vere med. Det å vere i aktivitet saman med mange andre. Det sosiale. Det betyr mykje for henne og alle dei andre.

Pilkast på Monsiaden. Thea Kanutte Åmelfot i aksjon

Pilkast på Monsiaden. Thea Kanutte Åmelfot treng berre eitt forsøk på å sprekke ballongen.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL