Hopp til innhold

Stordalsjente er Noregs nye popidol

Jenny Langlo (18) imponerte stort i Idol-finalen 2011 og vann til slutt med knapp margin.

Etter at alle stemmene var talde opp skilde det lite mellom dei to finalistane i årets finale i Idol, Jenny Langlo (18) frå Stordal og Vegard Leite (19) frå Værlandet.

Dei to har vore publikumsfavorittar sidan starten og då telefonlinjene stengde fredag kveld hadde Jenny fått 52 prosent av stemmene medan Vegard fekk 48 prosent.

Les også:

Historisk jamt

– Det er historisk jamt, sa programleiar Ravi medan han haldt sjåarar og publikum på pinebenken før resultatet vart avslørt.

Og etter at alle hadde halde pusten, kunne Jenny-tilhengarane sleppe jubelen laus.

Det var sjåarane av Idol 2011 som avgjorde kven som skulle gå sigrane ut etter finalen på Chateau Neuf i Oslo fredag kveld. Og Jenny synst det var velfortent at Vegard Leite (19) var så nær ved å slå ho.

– Det er alltid best med ein close finale. Det er gøy og veldig rart å tenkje på alle som har stemt på oss, seier Jenny Langlo til NRK.

Dårleg samvit for høge rekningar

I Stordal var nær sagt halve bygda samla på Nilsgardstunet for å heie favoritten deira fram. Idol-vinnaren har litt dårleg samvit for dei høge telefonrekningane som har fått ved å stemme på ho.

– Eg har veldig dårleg samvit for alle telefonrekningar. Så ja, eg er evig takksam. Eg står alle i evig gjeld, seier stordalsjenta.

Heidra sitt største idol i finalen
Jenny Langlo i fredagens finale

HEIDRA IDOL: Her syng Jenny Jeff Buckley sin versjon av «Hallelujah».

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Jenny Langlo sang i alt tre songar i finalen. «Another One Bites the Dust» av Queen, hennar versjon av årets vinnarlåt «Builiding An Aeroplane», og til slutt Jeff Buckley sin versjon av «Hallelujah». Den siste låta valde ho for å heidre sitt største idol.

– Denne sigeren vil eg dedisere til Jeff Buckley.

Les også:

Stordal-jenta har konkurrert ut 5500 håpefull som dukka opp på audition rundt om i landet. For Jenny starta det heile i Trondheim på audition i vår. Og i heile haust har ho budd vekevis på hotell i hovudstaden. Kvar fredagskveld har ho komme seg eitt skritt vidare mot finalen.

Fredag kveld sto ho att som Idol 2011 og vinnar av er ein platekontrakt med Universal Music.

– Den beste vann

Idol-finalen 2011

KLAR TALE: Dommar Gunnar Greve Pettersen var ikkje i tvil om at Jenny er den rette vinnaren.

Foto: Bjørn Ivar Voll

Idol-dommar Gunnar Greve Pettersen var svært nøgd med at det var nettopp Jenny som stakk av med sigaren.

– Den beste vann, trur eg me seier. Og så er me ganske happy og trygge og komfortable på at me har funne ei jente, og Noreg har vald ei jente, som kjem til å forvalte sjansen og potensialet ho har i karrierar si på ein veldig god måte, seier Greve Pettersen til NRK.

– Viss ein skal tolke deg gjennom sendinga i kveld, så var vel ikkje du i tvil?

– Nei, og det kan du vel eigentleg seie for dei tre siste sendingane òg. For meg så er det noko med at det sjølvsagt er viktig at ein dommar held seg objektiv så lenge som mogleg. Men me er menneske me òg, og dette er ein konkurranse der me ikkje er tillagt mandat når finalane har byrja. Så eg synst eg klarte å halde meg på benken ganske lenge, altså.

– Eventyrleg
Idol-finalen 2011

STOLTE FORELDRE: Bjørn og Conny Langlo er imponerte over utviklinga til dottera gjennom konkurransen.

Foto: Bjørn Ivar Voll

Med ein blomstebukket i handa står mor Conny Langlo og ser på at dottera stå på scena i Chateau Neuf og svare på spørsmål etter spørsmål medan unge autografjegerar skrik frå scenekanten.

– Det er heilt eventyrleg og uverkeleg framleis, men veldig kjekt, det er det, seier Conny Langlo.

Ho gleda seg til songane som Jenny skulle synge i finale.

– Jenny sa ho har dårleg samvit for telefonrekningane i Stordal ...

– Ja, eg trur det er mange som får svi litt, det trur eg. Folk har stemt heilt utruleg masse, kvar einaste fredag. Det har eg nesten dårleg samvit for sjølv, men mi er òg kjempestor, seier ho med eit smil.