I varetekt etter botox-tjuveri
Ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, sikta for grovt tjuveri frå ein skjønnheitssalong i Kristiansund. Det skriv TK.no. Politiet fryktar at mannen vil gjere nye lovbrott om han vert lauslaten, fordi han skuldar pengar til eit kriminelt miljø. Ei kvinne i 20-åra var med på tjuveriet – begge har erkjent forholdet.