Hopp til innhold

I haust skal Ingeborg dele ut 5000 pakkar med bind

På FN-toppmøte snakka statsminister Erna Solberg om mensen og korleis det påverkar skulegangen til jenter i mange land. Misjonær Ingeborg Roth frå Ålesund er på saka og deler ut bind.

Ingeborg Roth

Ingeborg Roth skal dele ut 5000 pakkar med bind i haust til skulejenter i Etiopia.

Foto: privat

Det er ikkje berre Erna Solberg som er oppteken av at jenter rundt om i verda skal ha menstruasjon med verdigheit. På talerstolen under FN-møtet i New York snakka ho om at dette er grunnen til at mange jenter vel å slutte på skulen.

Ingeborg Roth frå Ålesund har reist rundt som misjonær i Etiopia i 42 år, saman med mannen Karl,som er lege. Som lærar forundra Ingeborg seg over at jentene vart borte frå skulen i fleire dagar i gongen etter at dei kom i ein viss alder.

– Jentene på landsbygda har ikkje råd til bind og er difor borte ei veke kvar månad. Nokre droppar også ut av skulen, seier Roth. Ho innrømmer at ho vart flau fordi ho ikkje hadde oppdaga dette problemet før, etter så mange år i landet. Sunnmørskvinna hadde rett og slett ikkje tenkt at menstruasjon var eit problem.

Ingeborg Roth og kvinnene i prosjektet Wraps

Organisasjonen Wraps, som vart starta av Ingeborg Roth og Allison Karnes, deler ut bind til skulejenter i Etiopia.

Foto: privat

Deler ut bind

For fem år sidan bestemte Roth og hennar amerikanske nabo, Allison Karnes, seg for å starte eit prosjekt for å gjere noko med problemet. Dei starta å undervise elevar på fleire skular om hygiene og menstruasjon og dele ut bind, ei truse og ei toalettveske til jentene. Binda er ikkje eingongsbind som i Noreg, men vert sydd i bomull, slik at dei kan brukast om att og om att. No jobbar ni kvinner med å sy bind. Pakkane som vert delt ut inneheld åtte bind.

– Dette betyr at jentene kan vere på skulen og ikkje miste eit heilt års skulegang på grunn av menstruasjon, seier Roth. Ho har rekna ut at jenter som er borte ei veke i månaden i fem år, mistar eitt år med skule til saman.

Stygge infeksjonar

Ved det amerikanske misjonssjukehuset, der ektefellane til Ingeborg og Allison jobbar, får dei inn mange jenter med komplikasjonar.

– Dei har stygge infeksjonar etter å ha brukt blad, aviser eller skitne filler under menstruasjonen. Difor er også opplæring svært viktig, seier Roth.

Hittil har dei delt ut 2200 pakkar med bind. I haust skal organisasjonen hennar dele ut 5000 pakkar til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL