Hopp til innhold

Difor blir varslingsanlegga testa

Onsdag testar Sivilforsvaret varslingsanlegga i byar og tettstadar over heile landet. – Det er viktig å teste anlegga jamleg, seier Sivilforsvaret.

Tyfon, varslingsanlegget til byer

VARSLING: Klokka 12.00 i dag blei varselet «Viktig melding – lytt på radio» sendt ut gjennom 1250 tyfonar plassert rundt omkring i landet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Rundt om i landet er det plassert om lag 1250 varslingsanlegg, dei fleste i byar og tettstader. Sivilforsvaret testar installasjonane dei har to gonger i året. Dette skjer fast på den andre onsdagen i januar og i juni.

Klokka 12.00 i dag blei tyfonanlegga aktivert. Då blei varselet «Viktig melding – lytt til radio» sendt ut via sirenene. Lyden kjem som tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

– Signalet betyr i praksis at ein skal søke informasjon, for eksempel på TV, radio, nett eller i sosiale medium, seier distriktssjef i sivilforsvaret, Eva Kristin Strømskag.

Informasjon om kva det er som skjer og kva ein skal gjere vil kome gjennom ulike medium. NRK har også eit spesielt ansvar for å formidle denne informasjonen.

– Viktig å teste anlegga

I ein krigssituasjon blir anlegget brukt for å informere ved akutt fare, for eksempel ved fare for flyangrep. Men signalet vil kunne bli brukt både i fred og krig. Difor er tyfonane også plassert ved jernbanelinjer der det blir frakta farleg gods, og ved verksemder som kan sleppe ut farleg eller giftige kjemiske stoff.

Eva Strømskag

Eva Kristin Strømskag i Sivilforsvaret presiserer at det er viktig at folk lyttar til meldingane frå tyfonanlegga, men minner om at det onsdag berre er ei øving.

Foto: Sivilforsvaret

I fredstid kan varslinga vere aktuell ved situasjonar der det hastar å evakuere folk, for eksempel ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. Strømskag seier at det er viktig for Sivilforsvaret å teste anlegga sine jamleg.

– I dag brukar vi naudnettet for å løyse ut varslingsanlegget. Det gir oss anledning til å sjekke driftsstatus på enkelte anlegg dagleg. Det gjer også at vi får ein mykje meir effektiv måte å følgje opp varslingsanlegga på, seier ho.

Lurer du på korleis varslinga høyrast ut? Her kan du høyre dei ulike varslingssignala som Sivilforsvaret opererer med.

Ikkje alle høyrer varslinga

Då varslingsanlegga blei bygd blei det sett opp tyfonar i byar og i bestemte tettstadar. Difor er det ikkje alle som vil høyre varslinga i dag. Sivilforsvaret opplyser at over halvparten av befolkninga vil høyre signalet.

Før blei det også brukt kyrkjeklokker der det ikkje var slike varslingsanlegg. Dei avtalane finst framleis, men blir ikkje testa i dag.

– Kvifor har vi framleis eit slik varslingssystem, kan ein ikkje heller bruke SMS?

– Det har kome ein rapport som konkluderer med at varslingsanlegga, reint mekanisk, er i god stand. DSB anbefaler at tyfonanlegga skal byggast ut. Det er robust og kan varsle under uønskte hendingar i heile krisesettet sjølv om mobilnettet dett ut, seier Strømskag.

– Men anbefalingar tilseier at vi på sikt skal kunne supplere varslinga med ei mobilbasert løysing, held ho fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL