I løpet av oktober og november i fjor, braut mannen seg inn i 29 hytter og naust på Ørskogfjellet og i Ulstein.
Lovbrota skjedde i prøvetida etter at han ble dømd for 15 tilfeller av grovt tjuveri.
Eitt år av staffen er gjort betinget med en utvidet prøvetid på tre år.
Tok det meste
Den 25 år gamle mannen har gått grundig til verks. Over eit lite område på Ørskogfjellet på grensa mellom Vestnes og Ørskog kommune har han tatt for seg av hyttene.
Natt til 19. november har han vore særleg aktiv og bana seg veg inn i ti hytter. Med seg fekk han mellom anna eit straumaggregat, eit fjernsyn, mobiltelefon, cd-spelar, eit forgylla speil, snapsglass og fleire flasker alkohol. Han har også tatt for seg av fleire naust i Ulstein og stole det han har kome over der.
Braut prøvetida
Mannen har vedgått innbrota som blei gjort under prøvetida for ein annan dom han fekk for vinningskriminalitet. Han blei mellom anna dømt for 15 grove tjuveri i september i fjor. Berre nokre veker etter den domen sette han i gang innbrotsraidet mot hytter og naust.
Lovar betring
Mannen har gitt uttrykk for at han ønskjer å endre livsstilen sin og få bukt med rusprobleme. Retten trur mannen når han seier dette, men meiner likevel at lovbrota er så mange og omfattande at han må sone i fengsel. Han har no fått ein samledom på eitt år og ni månader. Eitt år av domen er på vilkår med ei utvida prøve tid på tre år.