Hylande fans hylla YouTube-stjerne

Lange køar og full jubel var berre noko av det som møtte gameren kjent som «Noobwork» då han besøkte Ålesund i dag.

Noobwork besøkte Ålesund i dag.

Sjå video: sjekk mottaking «Noobwork» då han kom på Moa i dag.

Fleire timar før hovudpersonen sjølv dukka opp, hadde folk byrja å stille seg i kø ved Moa i Ålesund. Etter kvart som timane gjekk strøymde stadig nye til og folkemengda vaks seg stadig større.

Til slutt stod fleire hundre store og små og venta i spenning på å få møte Joachim Haraldsen (23), også kjent som «Noobwork». Han lever av å spele ulike dataspel medan han kommenterer det han gjer og legg videoane ut på sin eigen YouTube-kanal.

– Noobwork! Noobwork! Noobwork! Noobwork!

Heiaropa frå den spente folkemassen kunne høyrast gjennom heile lokalet og i det Haraldsen gjekk på scena var ropa frå publikum overveldande.

Fekk draumemøte

Kompisane Johannes Vik Eliassen (12) og Alexander Ulvestad (11) hadde venta i neste fire timar då dei endeleg fekk møte førebildet.

«Noobwork» besøker Ålesund

Her får Johannes Vik Eliassen endeleg møte «Noobwork».

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei var begge einige om at det var verdt å vente så lenge for å få møte Haraldsen.

For ventetida blei fort gløymd då det endeleg var deira tur til å få autograf og ta bilete saman med YouTube-stjerna «Noobwork».

– Han er kul og flink, og eg ser mykje på videoane hans på nett, seier Ulvestad.

– Og så er han veldig hyggeleg, seier Eliassen som møtte gameren for andre gang.

«Noobwork» besøker Ålesund

Kompisane Johannes Vik Eliassen (12) og Alexander Ulvestad (11) hadde venta i neste fire timar då dei endeleg fekk møte førebildet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Utruleg stort

Aslak Synnes (12) Kimy Jens (13) og Henrik Astrup (12) hadde også tatt turen til Moa for å få møte og slå av ein prat med «Noobwork».

Noobwork i Ålesund

Mange gledde seg til å få møte «Noobwork».

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg synest at han er ein av dei beste YouTuberane som finst i dag. Han er kjempeflink å spele og lagar kule videoar, seier Jens

For dei var det veldig spesielt å endeleg få møte idolet.

– Det var utruleg stort, det var heilt ubeskriveleg, seier Astrup med eit stort smil.

Synnes var samd.

– Eg har sett på videoane hans i mange år og eg kjem aldri til å gløyme dette, seier han.

Felles for dei alle var at dei ein dag ønskjer å kunne følge i fotspora til «Noobwork» og andre kjente norske spelarar.

– Ja, det er draumen, sa dei samstemt.

Set stor pris på følgjarane sine

Etter at «Noobwork», eller Joachim Haraldsen som han faktisk heiter starta YouTube-kanalen sin i 2013 har hobbyen utvikla seg til å bli ein fulltidsjobb. No reiser han land og strand for å møte følgjarane sine.

Joachim Haraldsen

Joachim Haraldsen er mannen bak YouTube-kontoen «Noobwork».

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Noobwork i Ålesund

«Noobwork» reiser land og strand for å møte følgjarane sine.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det å kunne møte fansa på denne måten det betyr veldig mykje for meg. Det gir meg utruleg mykje glede og ny energi til å halde fram med å lage videoar. I tillegg betyr det utruleg mykje å kunne glede dei, seier Haraldsen.

Han har vore opptatt av dataspeling heilt sidan han var rundt fire år, men det var først då han øydela ryggen at han byrja å satse på gaming for fullt.

– Det første til eit par ryggoperasjonar og eg blei sengeliggande i neste tre og eit halvt år. Då hadde eg god tid til å spele og eg blei kjent med mange over nett som held på med det same, seier Haraldsen.

No reiser han land og strand for å møte følgjarane sine både i innland og utland.

– Eg får halde på med noko eg elskar og det er flott. Det beste med denne jobben er at eg får reise rundt å møte folk på denne måte, det er utruleg morosamt, seier han med eit stort smil.

– Dette er draumejobben, rett og slett.