Løysinga som blei kjent i føremiddag, inneber at dotterselskapet til Hurtigruten, KVE Holding, tek over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting og Kleven Marine Technology.
Kleven hadde behov for friske pengar, og med den nye avtalen har dei sikra seg 600 millionar kroner i tilført likviditet som både eigarar, kundar og bankar står bak.
Letta konsernleiing
Konsernsjef Karsten Sævik er svært letta over ramma på 600 millionar verftet har fått.
– Mange arbeidsplassar er berga, vi har fått ramme og tryggleik for å gjennomføre prosjekta vi held på med, og vi får ei langsiktigheit i det heile. Det var svært viktig for oss å lande denne løysinga. No er vi sikra nødvendig likviditet og kontinuitet og kan kome i mål med prosjekta, seier han til NRK.
Han er ikkje minst letta over at dei også slepp å halde tilbake betalinga til tilsette, slik dei i verste fall risikerte.
– Dette er klart ein ekstra tryggleik, og det er svært godt å ha fått tillit frå bankane og kundane til å køyre prosjektet vidare framover, seier han.
Karsten Sævik tok over som konsernsjef for berre tre veker sidan, og seier han no er optimist med tanke på framtida.
– Ja, eg er optimistisk. Det var spanande å kome hit til konsernet, og det er utruleg mykje bra kompetanse i verftet. Dei er flinke skipsbyggarar, seier han, som sjølv har vore kunde hos Kleven-verftet og fått bygd mange båtar ved verftet.
Glede på golvet
Det er ingen løyndom at dei tilsette i konsernet har vore svært spente på kva som ville skje med verftet, og stemninga har vore anstrengt siste tida. Men no ser det ut til at dei til at dei i alt 750 verftsarbeidarane under Kleven-paraplyen drar eit letta sukk.
– Dette er kjempebra! No kan vi senke skuldrene litt, og slepp uroa som har vore siste månadane, seier ei smilande Therese Hjelmeseth, hovudtillitsvald for Fellesforbundet ved verftet.
Ho har 130 verftsarbeidarar på golvet bak seg, og vedgår at dei har vore usikre på om leiinga ville klare å få alt i hamn, også overfor kreditorane.
– Når alt skjer på såpass høgt nivå, veit vi svært lite om kva som skjer, og vi har gått rundt og vore usikre heile tida. Samtidig har vi visst at det har vore jobba med løysingar, men spente har vi vore, vedgår ho Hjelmeseth.
Ho understrekar at dei tilsette er svært positive til det som no skjer.
– Klarer vi dette no framover og gjer ein skikkeleg bra jobb med omstruktureringa, vil det vere lettare både å få nye kontaktar framover og vidareutvikle Kleven, meiner Therese Hjelmeseth.