MS Lofoten var lasta med saltfisk som vart levert i Ålesund i natt – og etter lossing er det vanleg prosedyre å gjere reint. Men på grunn av ein øydelagt ventil rann vatnet inn i veggar og innreiing.
– Det fossa 600 liter vatn inn på passasjerlugarane, og det blei ei forferdeleg lukt av fiskeslo, fortel kapteinen på MS Lofoten, Svein Erik Jacobsen.
På veg til Ålesund
No er Hurtigruta i Ålesund for å finne ut kor store skadane er – og vaskarar skal om bord for å reinse lugarane.
Då MS Lofoten kom til Florø vart det avgjort saman med reiarlaget at dei skulle sende dei 70 passasjerane på land på grunn av det forureina vatnet – desse passasjerane vart derfor sendt vidare i hurtigbåt til Bergen.
– Vi må også finne ut om det ligg vatn under betongen og om veggar må rivast. Men lukta må vekk, det er det viktigaste, seier kapteinen.
Passasjerar med godt humør
– Passasjerane våre er entusiastar, og dei er i eit utruleg godt humør. Men vi får sikkert inn klage frå dei som låg i lugarane som vart verst ramma, og vi vil gi kompensasjon. Men resten av passasjerane var i overraskande godt humør, så det er ikkje vanlege passasjerar vi har, dei er meir som entusiastar som veit korleis det kan vere på gamle båtar, seier kapteinen.
Kaptein Jacobsen håper at dei kjem seg i rute til i morgon kveld.
– Vi skal nordover i morgon, så vi sperrer den berørte avdelinga, og fortsett som vanleg med resten av drifta.