Hopp til innhold

Hundre blåsarar på tur til Elverum

Følg Hødd-kampen direkte.

Blåsarane Hødd

Blåsarane og andre Hødd-fans invaderer Elverum søndag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det blir mange bortesupporterar på førstedivisjonskampen mellom Elverum og Hødd søndag kveld.

Supporterklubben til Hødd, Blåsarane, arrangerer denne helga ein av årets hovudturar.

Nærare 100 Hødd-supporterar er venta til kampen. Rundt 25 av desse reiste med Blåsarane natt til laurdag, melder hodd.no.

Svipptur til Sverige

Blåsarane har overnatta i Magnor, i gangavstand til Sverige. Dermed vart det svenskehandel i går. Om kvelden var det grilling og gode historiar.

Dermed kan det gode humøret ha kome tilbake, etter tapet i straffesparkkonkurransen mot Molde i cupen onsdag.

Før møtet med Elverum ligg Hødd på 4. plass i 1. divisjon, sju poeng bak serieleiar Ranheim. Hødd har derimot éin kamp mindre spelt.

Motstandar Elverum er tabelljumbo med berre fem poeng på 10 forsøk.

Hødd Molde

Molde-spelar Emmanuel Ekpo (t.v.) i duell Hødd-spelar Joachim Magnussen. Cupkampen onsdag enda i nedtur for 1. divisjonslaget.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL