Hopp til innhold

Hotell får Ivar Aasens namn

Etter meir enn 40 år skiftar Viking Fjord Hotell i Ørsta namn. No skal det heite Hotell Ivar Aasen.

Hotell Ivar Aasen
Foto: privat

Den 14. november byrjar ein ny epoke for Ørsta-hotellet som har hatt Viking-namnet sidan det opna i 1965. No er det Ivar Aasen og nynorsken som skal særmerkje hotellet.

Det kjem ikkje Regn or alle Skyer.

Aasen-sitat

Hotell Ivar Aasen
Foto: privat

Hotellgjestene skal heretter møtast av Ivar Aasens portrett i stål på hotellfasaden. Dei skal finne bilete med ordtak frå Aasens samling på rommet sitt, og all innanlandsk marknadsføring og korrespondanse skal vere på nynorsk. - Dette er ei svært medviten haldning hos eigarane, seier marknadssjef Linda Haddal Røssevoll. Hotellet skal også samarbeide med Aasen-tunet i same kommunen.

Den som bur på Is, kann snart få flytja.

Hotell Ivar Aasen
Foto: privat

Førebels er det romma i den nye delen av hotellet som skal prydast med Aasen-sitat. Denne utbygginga er nettopp ferdig, og talet på rom ved hotellet er no auka frå vel 40 til 75. Tre av dei er suitar, blant dei ein kunstnarsuite med bilete av lokale kunstnarar. - Eit viktig poeng er at ikkje to rom skal vere like, seier Linda Haddal Røssevoll.

Skitna Hender sankar reine Pengar.

I konferansesalen skal det monterast panoramabilete på begge sider, slik at dei som sit i salen skal ha kjensla av å vere midt i den sunnmørske fjellheimen. Ansvarlege for panoramaet er fotografen Arnt Flatmo og dessutan Tegneren Reklamestudio, som har hatt oppdraget med å utsmykke hotellet.

Fornying

Linda Haddal Røssevoll på Hotell Ivar Aasen

Marknadssjef Linda Haddal Røssevoll på Hotell Ivar Aasen.

Foto: privat

Etter nyttår byrjar arbeidet med å fornye den gamle delen av hotellet. Det skal vere ferdig i mai, fortel Linda Haddal Røssevoll. - Då skal hotellet ha ein "open dag", og den dagen skal dørstokken vere så låg at også borna får oppleve at eit hotell kan vere noko for dei, seier ho.

Det er Kaspar Overå, Sigurd Johan Thorheim og Magnus Fjørtoft som eig hotellet med 1/3 kvar gjennom selskapet Karmasi Eiendom AS.

Lat den ganga fyre, som Vegen veit.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL