Skulane er mellom anna målt på strykprosent, fagleg og pedagogisk kvalitet, delen av kvinnelege studentar og kor mange som vil tilrå skulen.
Rektor Karl Johan Skårbrevik er overraska over resultatet.
Både Høgskulen i Molde og Høgskulen i Volda hamnar midt på treet i denne undersøkinga.
Narvik og Gjøvik verre
Berre høgskulane i Narvik og Gjørvik kjem dårlegare ut enn høgskulen i Ålesund i denne undersøkinga. Og det er først og fremst den høge strykprosenten, det faglege nivået og det pedagogiske nivået som gjer at skulen scorar dårleg.
For rektor Karl Johan Skårbrevik er det viktig å rekruttere nye studentar til høyskolen i Ålesund. Kampen om studentane startar no. Difor er ikkje Skårbrevik spesielt glad for resultatet i undersøkinga.