Hopp til innhold

Høg vasstand i Ålesund

Onsdag formiddag kunne ein tydeleg sjå den høge vasstanden i Ålesund sentrum.

Høg flo Ålesund 161116

Vasstanden var godt over normalen i Ålesund sentrum onsdag formiddag.

Foto: Toril Øvrelid / NRK

Tysdag sende Meteorologisk institutt ut eit OBS-varsel for heile sju fylke på grunn av høg vasstand. Desse fylka var Nordland, Troms, Øst-Finnmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Vatn inn i lokalet

I Møre og Romsdal melde meteorologane om risiko for høg vasstand i perioden onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag. Estimert vasstand skal ifølgje yr.no vere 30–50 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane.

Geir Larsen og Espen Olsvik

Geir Larsen og Espen Olsvik i redningsselskapet.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Vasstanden er venta å vere på det høgaste mellom klokka 12.00–13.00 på ettermiddagen og klokka 00.00 til 01.00 på natta. Og i 12.00-tida onsdag var det tydeleg at vasstanden var høg i Ålesund sentrum.

– Vi får litt vatn inn på golvet i lokala våre, men det sug vi opp, og så er vi klar til dyst, seier Geir Larsen i redningsselskapet.

Han opplever ikkje den høge vasstanden som dramatisk.

– Det er ikkje så høg vasstand at det kan velte båtar. Vi er vand med at vasstanden er høg, seier Larsen.

Jugendstilsenteret i Ålesund ligg svært utsett til når vasstanden stig. Dei fekk mykje vatn inn i lokalet under stormen Dagmar i 2011.

– Av og til er det litt skummelt, så vi følgjer med. Vi har beredskapsplanar dersom det kjem vatn inn, men så langt har det gått fint, seier Stine Roald ved senteret.

Meir informasjon om tidvatn og vasstand i alle fylka kan du lese på sehavniva.no

Høg flo i Ålesund 161116

Vasstanden var godt over normalen i Ålesund sentrum onsdag formiddag.

Foto: Toril Øvrelid / NRK

Fullmånen har «skulda»

Meteorolog Geir Bøyum seier til NRK at den høge vasstanden er svært sjeldan, og at ein vasstand på 50 cm over det som er estimert ligg nær det ein kallar ekstreme verdiar.

Det er fullmånen som får skulda for den høge vasstanden fleire stadar i landet.

– Vi har fullmåne for augneblinken, ein fullmåne som er ekstra stor. «Supermåne», blir den kalla. Det kjem av at avstanden mellom månen og jorda er mindre enn den brukar å vere. Resultatet er større tiltrekkingskraft, seier Bøyum.

Kombinert med eit lågt lufttrykk, fører det til høg vasstand.

Meir om vêret og vêrvarselet for dei komande dagane kan du lese på yr.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL