Hopp til innhold

Høg vasstand fører til OBS-varsel i sju fylke

Meteorologisk institutt har sendt ut eit OBS-varsel for heile sju fylke på grunn av høg vasstand.

Uvær på Alnes

Meteorologisk institutt har sendt ut eit OBS-varsel for sju fylke på grunn av høg vasstand tysdag og onsdag.

Foto: Asbjørn Røsås

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varselet på grunn av vasstanden i Nordland, Troms, Øst-Finnmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Verst er det i Lofoten og Vesterålen. Der er det også sendt ut eit OBS-varsel for kraftig vind.

Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag

I desse fire fylka er det risiko for høg vasstand i perioden onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag. Estimert vasstand skal ifølgje yr.no vere 30–50 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane.

Vasstanden er venta å vere på det høgaste mellom klokka 12.00–13.00 på ettermiddagen og klokka 00.00 til 01.00 på natta.

Meir informasjon om tidvatn og vasstand i alle fylka kan du lese på sehavniva.no

Nordland, Troms og Finnmark

Også i Norland, Troms og Kyst- og fjordstrøka i Vest-Finnmark er det venta høg vasstand fram til onsdag ettermiddag. Her blir det truleg 30–50 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane. Vasstanden ventast å vere på det høgaste klokka 12.00-14.00 om ettermiddagen og klokka 00.00-02.00 om natta.

I Aust-Finnmark er vasstanden venta å vere 25–45 cm over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane. Her er vasstanden venta å vere på det høgaste klokka 15.00-17.00 på ettermiddagen og klokka 03.00-05.00 om natta.

Fullmånen har «skulda»

Meteorolog Geir Bøyum seier til NRK at den høge vasstanden er svært sjeldan, og at ein vasstand på 50 cm over det som er estimert ligg nær det ein kallar ekstreme verdiar.

Det er fullmånen som får skulda for den høge vasstanden fleire stadar i landet.

– Vi har fullmåne for augneblinken, ein fullmåne som er ekstra stor. «Supermåne», blir den kalla. Det kjem av at avstanden mellom månen og jorda er mindre enn den brukar å vere. Resultatet er større tiltrekkingskraft, seier Bøyum.

Kombinert med eit lågt lufttrykk, fører det til høg vasstand.