Han orienterte klubben for nokre veker sidan at han var i ei vurderingsfase – men den endelege avgjerda tok han tidlegare denne veka.
Med tungt hjarte
– Eg har stortrivst i klubben frå første dag og det har vore ei utruleg flott reise med ein gjeng som har teke nye steg sesong etter sesong. Det er med tungt hjarte at eg har teke avgjerda, men alt har ein ende, og det følast rett å gi seg no, seier han.
Til NRK seier han at det er trist å skilje seg frå spelarane sine.
– Det er spelarar eg har halde med i seks år, men sånn er det. Det har vore ei fantastisk oppleving, og vi skal nok møtast titt og framover likevel, forsikrar Nilsen.
Vil du klare å halde deg frå å gi tips og triks til spelarane framover?
– Eg skal sitje på tribunen og riste på meg som om eg var Leeds-supporter, ler han.
Nilsen går fort frå spøk til alvor, og legg til at det skal bli å følgje med laget.
– Eg synest på ein måte det er kjekt å gi seg no når eg veit at eg overlet ei fantastisk gruppe til ein ny trenar. Klubben er i kjempeutvikling med ny stadion og mange dedikerte folk. Seks år er lenge, ei endring kan vere bra for klubben,
– På tide
Hødd-trenaren legg til at det ikkje er noko anna årsak til avgangen enn at han føler at fem og eit halvt år er nok som hovudtrenar.
– Det er tid for å trekke seg tilbake etter ein sesong der vi var veldig i nære å rykke opp til Tippeligaen, seier Nilsen.
– Eg vil takke alle i og rundt klubben for ei fantastisk reise og ei ekstra takk til Norges beste supporterklubb Blåsarane, avsluttar han.
– Ein epoke i gullskrift
Sportssjef Andre Nevstad synest det er vemodig at Nilsen gir seg som Hødd-trenar.
– Vi kan sjå tilbake på nokre heilt spesielle år med Lars Arne som hovudtrenar, ei epoke som vil stå med gullskrift i Hødd-historia, seier han og listar opp:
– Opprykk, cupgull, Europacup og 3. plass i Adeccoligaen. Lars Arne har gjort ein fantastisk jobb og vi takkar han for manges tore opplevingar og godt samarbeid, legg sportssjefen til.