- Kampfakta:
– Det er heilt OK på 0-2, og vi har god kontroll. 1–2 kjem etter ein enkeltmannsprestasjon, før vi er sluttkøyrde og dei scorar på overtid, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til NRK etter kampen.
Ville revansjere heimetap
På heimebane blei det tap 2–0 då Vard Haugesund kom på besøk i vår. Den kampen var Hødd ute etter å revansjere.
Og det såg tidleg positivt ut for blåtrøyene, for allereie etter 11 minutt kom 0–1. Hødd sin nye spiss, kroatiske Franjo Tepuric, fekk ballen på 17 meter og la Hødd-leiinga på flott vis over keeper Kenneth Nielsen.
Heimelaget var tamme, og Hødd styrte kampen i Haugesund. Etter 55 minutt scora Hødd sitt andre for kvelden, då Rune Ertsås heada inn 0–2.
Hødd såg ut til å ha full kontroll, men mot kampens spel reduserte Vard Haugesund til 1–2 ved Vetle Myhre i det 64. minutt. Scoringa blei banka i mål vakkert på volley.
Hødd har tidlegare slite med å hale i land sigrar på bortebane, og historia repeterte seg sjølv laurdag.
For på overtid, etter 91 minutt, kom Vard-utlikninga då Sanel Kapidžić la 2–2 bak Hødd-keeper Andreas Lie.
Dermed fekk Hødd aldri revansjert heimetapet frå i vår.
– Dårleg følelse
Hødd kom heim frå Kasakhstan etter europacup før i veka, og har både kamp og reising i føtene. Det kjennest, trur trenar Nilsen.
– Gutta er nok slitne etter mykje reising, så eg er fornøgd med at vi får med oss poeng på bortebane.
– Men vi burde hatt tre når vi leia 2–0. Det er kjedeleg og ein dårleg følelse når vi slepp inn på overtid, avsluttar Nilsen.