Hopp til innhold

Historisk resultat for Tafjord

Tafjord sitt rekneskap for 2023 viser eit resultat etter skatt på 401 millionar kroner. Ifølge konsernet er dette historisk høgt og ei auke på 129 millionar kroner samanlikna med året før.

I ei pressemelding skriv Tafjord at det er fleire årsaker til det gode resultatet. Mellom anna peiker dei på at dei siste to åra har vore prega av eit generelt høgt kraftprisnivå. I tillegg spelte fusjonen mellom Mørenett og Linja positivt inn på rekneskapen.

Driftsresultatet i verksemdsområdet kraftnett auka også betydeleg samanlikna med 2022, melder Tafjord. Som følge av overskotet foreslår styret eit utbytte på 176 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL