Hopp til innhold

Her skal barn lære å elske matematikk

Barn og unge får eit eige rom i Ålesund der dei skal lære seg å elske matematikk. Frå før finst det 30 slike undervisningsrom i Noreg. Her skal dei bruke teknologi til å lære om naturfag og matematikk.

Eit Newtonrom i Ålesund har fått ei gåve på 5 millionar kroner. Her skal barn lære å elske matematikk

Dei velutrusta romma har fått namnet Newton, etter vitskapsmannen Isaac Newton. Her skal barn få boltre seg i spennande, matematiske oppgåver i skuletida.

– Dette er ein læringsarena som vi vonar at dei fleste kommunane i Noreg har i framtida. All undervisning her er forankra i dei norske læreplanane. Her har vi ei praktisk tilnærming til spennande matematiske område, seier Per Arild Konradsen, dagleg leiar i First Scandinavia.

First Scandinavia er ein ideell organisasjon som arbeider for å skape interesse for realfag blant barn og unge.

Newtonrommet skal etablerast i byggetrinn 2 ved Norsk Maritimt kompetansesenter i Ålesund. Ifølgje planen skal rommet stå ferdig i 2017. Så skal det vere prøvedrift i første halvår i 2018. Frå skulestart hausten 2017 skal det vere full drift i rommet.

Rommet blir etablert blant anna som følgje av ei gåve på 5 millionar kroner frå Sparebanken Møre. Gåva blei offentleggjort på arrangementet Børs og Bacalao i Ålesund onsdag ettermiddag.

Sparebanken Møre vil gjerne medverke til å auke interessa for realfag blant barn og unge. Dette er ein ny og morosam undervisingsarena, seier banksjef Trond Lars Nydal.

Mange elevar opplever matematikkundervisning som tung og teoretisk. I Newton-rommet får elevane utføre forsøk og dermed å setje vanskeleg tilgjengeleg teori ut i praksis.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL