NRK Meny
Normal

Her herjar «Børning 2» på Runde

Innspelinga av den norske filmen «Børning 2» er allereie i gong. Denne veka besøker dei fleire stadar på Sunnmøre.

Børning 2

Det var kanskje mange som vart overraska då dei køyrde forbi dette naustet på runde i dag.

Foto: Knut Asle Goksøyr

«Børning» blei i fjor tildelt Amanda for årets film. Måndag var dei på plass i Herøy for å gjere opptak til oppfølgjaren «Børning 2». Dei som såg dette synet på Runde måndag føremiddag sette kanskje sette kanskje kaffien i halsen.

– «Gjekk litt skeis under trening til Børning-film i dag; Enda midt oppe i sjøbuveggen! Artig med litt Texas igjen, ikkje berre søndagskøyring», skreiv Knut Asle Goksøyr spøkefullt på Facebook i dag.

Men Goksøyr kan roe om at situasjonen ikkje var fullt så dramatisk.

– Det er eit filmtriks og bilen er plassert der av kvalifiserte folk som veit kva dei gjer på, seier Goksøyr.

Skapar liv og røre

Over 380.000 publikumarar tok i fjor turen til norske kinoar for å sjå Anders Baasmo Christiansen, Sven Nordin og Jenny Skavlan råkøyre landet på langs.

Som i den første filmen reiser filmcrewet land og strand. I dag var mellom anna Runde og Fosnavåg bakteppe for scener til den nye filmen. Seinare denne veka skal filmcrewet også til Volda, Folkestad og Lauvstad. Der dukkar også Thomas Ryste's rollefigur Kjell Kjellen Bigset opp. Ferjemannen «Kjellen» skal etter det som er kjent vere tiltenkt ei lita rolle i filmen.

Goksøyr, som også er innehavar av Goksøyr Camping, trur filminnspelinga kan vere positivt for reiselivet i fylket.

Fra Børning

Filminnspelinga til «Børning 2» føregår i heile Noreg.

Foto: Filmweb

– For oss i reiselivsbransjen er all reklame god reklame, og det er flott at dei har valt fleire stadar i Møre og Romsdal som kulissar til filmen. Møre og Romsdal har mange spektakulære stadar med tiltalande fjordar, fjell og hav, seier han.

Gøksøyr synest det er kjekt at filminnspelinga er med på å skape liv og røre.

– Ja det er eit proft opplegg, så det er kjekt for dei ute i distrikta å sjå det ferdige resultatet, seier han.

«Børning 2» kjem på kino til hausten. Her kan du sjå filmanmeldinga av den første filmen.

Det lukter svidd av Norges første skikkelige bilfilm.