Hopp til innhold

Klarer du å gå og strikke samstundes?

Over heile verda går folk ute med strikketøya sine i dag. På Atlanterhavsvegen på Nordmøre går 40 kvinner i sakte marsj for å ikkje miste maskane.

Utandørs strikking på Atlantehavsvegen

På Svevestien ved Atlanterhavsvegen gjekk om lag 40 kvinner strikkemarsj.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sidan 2005 har det blitt arrangert internasjonal strikkedag i offentlegheit. Strikking er ofte ein einsam hobby og målet med denne dagen var at strikkarane skulle kome seg ut av huset og strikke saman. I idylliske omgivnader har Arnhild Skatvedt invitert til felles strikking i fart på Svevestien ved Atlanterhavsvegen.

– Det går an å gå og strikke samstundes, så vi går ein strikkemarsj, seier Statvedt.

Arnhild Skatvedt

Arnhild Skatvedt er strikkedesignar og er den som arrangerte strikkedagen på Nordmøre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Mønster går i ball

Ho har med seg rundt 40 kvinner med strikkearbeid i hendene. Statvedt understrekar at det ikkje er alle strikkeoppskrifter som egnar seg til å gå rundt med. Dei med mykje mønster kan lett gå i ball. Det beste er å halde seg til rett og vrangmaskar.

– Eg har eit ruslestrikk. Det er ikkje slik at ein kan gå i hurtig tempo medan ein strikkar, seier arrangøren. Ho jobbar som strikkedesignar og har altså strikking som yrke.

I 2016 gjorde Forbruksforskningsinstituttet SIFO ei undersøking som viste at 43 prosent av dei spurte kvinnene hadde strikka eller laga noko av ull det siste året. Samstundes har strikkebøker vore svært populære dei siste åra.

Oppleve noko nytt

Atlanterhavsvegen er eit ynda mål for turistar og strikkegjengen vekker oppsikt der dei går rundt med råd og pinnar.

Blant strikkarane er det 15 personar frå Ålesund husflidslag.

– Vi reiste for å oppleve noko anna enn det vi gjer heime, seier Ellen Nekstad. Dei møtast vanlegvis ein gong i månaden for å strikke saman, men å strikke fart er ei heilt ny oppleving.

– Trikset er å gå sakte. Vi må jo få med litt av den fine utsikta også, seier Nekstad.

Strikkar ved Atlanterhavsvegen

Strikkarane måtte også ha tid til å nyte utsikta.

Foto: Roar Strøm / NRK