Hopp til innhold

Her er siste nytt om ordførarvala i kommunane

Kabalane om kven som skal styre dei ulike kommunane etter valet, er i ferd med å bli lagde. Her får du ein fortløpande oversikt.

Ordførerklubbe

Kven som skal handtere ordførarklubbene byrjar kome på plass.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Søk i valresultata

valg-dekorasjon

Kristiansund:
Kjell Neergaard (Ap) held fram som ordførar.


Berit Frey (Sp) blir den ny varaordføraren.

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard frå Arbeidarpartiet blir ordførarar i fire nye år.

Foto: Roar Halten / NRK

Molde:

Torgeir Dahl (H) held fram som ordførar.

Odd Helge Gangstad (Sp) blir varaordførar.

Odd Helge Gangstad og Torgeir Dahl (H)

Odd Helge Gangstad (Sp) og Torgeir Dahl (H) under pressekonferanse om samarbeidet i Molde.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Ålesund:

Ordførar blir Eva Vinje Aurdal (Ap).

Varaordførar blir Vebjørn Krogsæter (Sp).

Vebjørn Krogsæter og Eva Vinje Aurdal

Vebjørn Krogsæter blir varaordførar (Sp) og Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i storkommunen Ålesund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

NORDMØRE

Aure:

Hanne Berit Brekken (Ap) blir ordførar.

Ole Bendik Nilsen (Sp) blir varaordførar.

Ole Bendik Nilsen blir varaordfører og Hanne Berit Brekken blir ordfører i Aure
Foto: Aure Arbeiderparti

Averøy:

Ingrid Rangønes (Ap) tek hand om ordførarklubba i fire år til.

Ingrid Rangønes

Arbeidarpartiet blåste dei andre av banen i Averøy, og fekk 53,3 prosent av røystene. Med reint bord held Ingrid Rangønes fram som ordførar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Gjemnes:

Knut Sjømæling (Sp) får fornya tillit i Gjemnes.

Knut Sjømæling

Knut Sjømæling (Sp) blir sitjande i ordførarstolen i fire nye år.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Smøla:

Svein Roksvåg (Sp) blir den nye ordføraren i øykommunen.

Kjersti Andersen (H) blir den nye varaordføraren.

Kjersti Andersen (H) og Svein Roksvåg
Foto: Smøla kommune

Sunndal:

Arbeidarpartiordførar Ståle Refstie får fire nye år som ordførar i Sunndal etter at Miljøpartiet dei Grøne valde og samarbeide med Ap og Sv.

Ståle Refstie

Miljøpartiet Dei Grøne vil samarbeide med Arbeidarpartiet og SV i Sunndal dei neste fire åra. Dermed held Ståle Refstie fram som ordførar i Sunndal.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Surnadal:

Margrethe Svinvik blir den nye ordføraren i Surnadal.

Det er framleis uklart kven som blir varaordførar.

Margrethe Svinvik
Foto: Senterpartiet

Tingvoll:

Ingrid Waagen (Sp) blir ny ordførar i Tingvoll.

Varaordførar blir Arne Magnus Aasen (KrF).

Ungdomspolitiker Ingrid Waagen

Ingrid Waagen blir med sine 27 år ein av landets yngste ordførarar.

Foto: Roar Halten / NRK

ROMSDAL

Aukra:

Odd Jørgen Nilssen (H) blir ordførar i Aukra.

Audhild Mork (Ap) blir varaordførar.

Odd Jørgen Nilssen H) og Audhild Mork (Ap)

Odd Jørgen Nilssen (H) blir ny ordførar i Aukra. Varaordførar blir Arbeidarpartiets Audhild Mork.

Foto: Aukra kommune

Hustadvika:

Tove Henøen (Sp) blir ordførar. Det melder Romsdals Budstikke.

Tom Grunde Malme (KrF) blir varaordførar.

Rauma:

Yvonne Wold (SV) blir ny ordførar i Rauma.

Magnhild Vik (Sp) blir varaordførar.

Samarbeidspartiene i Rauma er SV, SP, AP, MDG og Pensjonistpartiet

Frå venstre: Arne Hoem (PP), Torbjørn Rødstøl (Sp), Magnhild Vik (Sp), Geir Klepaker (MDG), Yvonne Wold (SV), Jan Drahos (SV), og Per Vidar Kjølmoen (Ap) blir samarbeidspartia i Rauma.

Foto: Eva Karin Gråberg

Vestnes:

Geir Inge Lien (Sp) held fram som ordførar.

Randi Bergundhaugen (H) held fram som varaordførar.

Geir Inge Lien, ordførar i Vestnes

Geir Inge Lien (Sp) har vore ordførar i Vestnes sidan 2011.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SUNNMØRE

Fjord:

Eva Hove (Ap) blir ordfører

Viktor Valldal (H) blir ordfører

Giske:

Harry Valderhaug (KrF) held fram som ordførar.

Kåre Sæter (Ap) blir den nye varaordføraren.

Harry Valderhaug
Foto: Trond Vestre / NRK

Hareid:

Bernt Brandal (Folkelista) blir ordførar.

Varaordførar blir Annika Brandal (V)

Bernt Brandal

Bernt Brandal frå Folkelista får støtte gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Folkelista, Venstre, Arbeidarpartiet og KrF.

Foto: Trond Vestre / NRK

Herøy:

Bjørn Prytz (Ap) blir ordførar.

Bjarne Kvalsvik blir den nye varaordføraren (Folkelista).

Bjørn Prytz

Bjørn Prytz (Ap) er ny ordførar i Herøy.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Sula:

Jim-Arve Røssevoll (Ap) held fram som ordførar.

Varaordførar blir Jan Magnar Sandvik frå Sulalista.

Jim Arve Røssevoll

Jim-Arve Røssevoll (Ap) blir ordførar i Sula i fire nye år.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Sande:

Olav Myklebust (Sp) tek over som ordførar i Sande. Kommunen har hatt Høgre-ordførar sidan 2007.

Einar Ekroll (Frp) blir varaordførar.

Stranda:

Jan Ove Tryggestad (Sp) held fram som ordførar.

Porterett mann

Det blir fire nye år som ordførar for Sp-veteran Jan Ove Tryggestad i Stranda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Sykkylven:

Odd Jostein Drotninghaug (Sp) held fram som ordførar.

Birgitte Sætre Bonesmo (H) blir den nye varaordføraren.

Ordfører i Sykkylven kommune, Odd Jostein Drotninghaug (Sp)

Odd Jostein Drotninghaug (Sp) held fram som ordførar i Sykkylven.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Ulstein:

Knut Erik Engh (Frp) får fire nye år som ordførar.

Stian Lehmann Scheide (H) blir ny varaordførar.

Knut Erik Engh

Framstegspartiet og Knut Engh får toppvervet i Ulstein også i komande periode.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vanylven:

Lena Landsverk Sande (V) held fram som ordførar.

Ho får med seg Ingebrigt Berget frå Senterpartiet som varaordførar.

Lena Landsverk Sande t.h. Ingebrigt Berget, SP

Ingebrigt Berget (Sp) og Lena Landsverk Sande (V).

Foto: Vanylven kommune

Volda:

Sølvi Dimmen (Sp) blir ordførar.

Sverre Leivdal (Ap) blir varaordførar.

Sverre Leivdal og Sølvi Dimmen

Sølvi Dimmen frå Volda blir den nye ordføraren.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ørsta:

Stein Aam (Sp) held fram i ordførarstolen.

Det same gjer varaordførar Karen Høydal (Ap).

Stein Aam

Senterpartiet og Stein Aam gjorde eit brakval i Ørsta og Aam skal framleis halde ordførarklubba.

Foto: Arne Flatin / NRK