Hopp til innhold

Her bryt mange av oss personvernlova

Pasientar gløymer personvernreglane og får med helsepersonell og andre medpasientar på bilete. Dei mest ekstreme sender livebilete frå fødestua, utan å klarere det først.

Espen Skjegstad og Hanna på barneavdelinga i Ålesund

Mange foreldre tar bilete når barna på sjukehus, men Espen Skjegstad har bestemt seg for å ikkje ta bilete av Hannah når ho er innlagt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Når mobilkameraet er med over alt, opplever både tannlegar, legar, sjukepleiarar og jordmødrer at pasientar tar bilete av dei og publiserer i sosiale medium, utan å spør om lov. Også medpasientar på venterommet risikerer å bli med på bilete.

– Det hender at vi blir fotografert utan at vi veit det. Folk sit med mobilen i handa når dei er innlagt og tar bilete for å fortelje kvar dei er, seier leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

Ho synest ikkje det er greitt at pasientar tar bilete, utan å spør først. Det kan også hende at ein fangar opp andre pasientar på bilete, som ikkje ynskjer å bli eksponert offentleg.

Hanne Charlotte Schjelderup-Eriksen

Hanne Charlotte Schjelderup meiner problemet med pasientar som tar bilete er aukande.

Foto: Jordmorforbundet

Vil filme heile fødselen

Schjelderup meiner problemet er aukande, fordi folk har eit behov for å dokumentere kva dei gjer på til ei kvar tid. Ho trur at fødestuene er ein spesielt utset stad, fordi foreldre både vil filme og ta bilete når barnet kjem til verda. Enkelte vil dele heile fødselen med andre.

– Det har skjedd fleire enn ein gong at jordmora plutseleg oppdagar eit kamera som er rigga for liveoverføring inne på fødestova, utan at det er spurt om lov, seier Schjelderup.

Tar ikkje bilete av dottera

Irene Takvam

Irene Takvam er seksjonsleiar ved barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Barne- og ungdomsavdelinga på sjukehuset i Ålesund er ein stad der mobilkamera ofte er framme. Mange foreldre vil gjerne ta bilete når barna er innlagt. Seksjonsleiar Irene Takvam seier at dei har hengt opp plakatar for å minne om personvernreglane.

– Eg trur ikkje foreldre alltid tenker på personvernet og at andre pasientar eller helsepersonell kan komme med på biletet, seier Takvam. I nokre tilfelle har dei barnevernsbarn på avdelinga, der det er viktig at informasjonen om kvar barnet er, ikkje kjem ut.

Espen Skjegstad er innlagt på barneavdelinga saman med den kreftsjuke dottera si, Hannah (7). Han er heilt bevisst på at han ikkje tar bilete på sjukehuset i det heile tatt.

– Vi som er ramma av barnekreft er ganske innforstått med at vi vil verne barna våre mot å bli offentleg vist fram, seier Skjegstad.

Kan zoome inn på pasientjournalen

Også ved tannklinikken Bjørgvin i Ålesund har dei sett inn tiltak for å minne om personvernreglane, i form av plakatar.

– Vi må tenkje pasienttryggleik. Vi har dataskjermar som står oppe, som ein kan zoome inn på frå lang avstand. Det er heller ikkje alle helsepersonell som ynskjer å finne att seg sjølv på Facebook, seier overtannlege Are Kristofer Hjeltnes.

Linea Molnes blir undersøkt på distriktstannklinikken Bjørgvin i Ålesund

Overtannlege Are Kristofer Hjeltnes synest det er greitt at foreldre tar bilete, berre dei spør først.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nye tilrådingar

Plakat på tannlegekontor med forbod mot å ta bilete utan å spørre først
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Datatilsynet veit ikkje kor stort problemet er, men kommunikasjonsrådgivar Guro Skåltveit seier at folk har eit ansvar for å ikkje offentleggjere bilete av andre i sårbare situasjonar.

– Du kan ta bilete av andre, men dersom du skal bruke det til noko, må du ha samtykke, seier Skåltveit.

Regjeringa har sett ned eit eige utval som skal kome med tilrådingar for filming og fotografering på offentlege institusjonar.

– Nokre gongar kan fotografering og filming kome i konflikt med retten til personvern og privatliv, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie. Utvalet skal kome med si innstilling innan 2. mai.