Hopp til innhold

Skular gjer Facebook-grep – slettar bilete av elevar

Skulesjef fryktar Metas nye grep og ber skular slette Facebook-bilete av elevar. – Veldig synd, synest ungdommane sjølve.

Nikolai Gjesdal og Ella Grønfur ved Vassenden ungdomsskule

SLETTING: No er det slutt på Facebook-bilete frå klasseturar og andre hendingar. Det synest skuleelevane Nikolai Gjesdal og Ella Grønfur er dumt, men forståeleg.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

Skular i Sunnfjord har fått beskjed om å slette Facebook-bilete av elevar.

Dei får heller ikkje lenger dele slike bilete på sosiale medium.

– Det kan føre til utfordringar med personvernet, seier Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule i Sunnfjord kommune.

Årsaka er at Meta, som står bak Facebook og Instagram, skal nytte brukarane sitt innhald til å trene datamodellane sine innan kunstig intelligens (KI).

Skuleelevar: – Veldig dumt

I dag har mange skular eigne Facebook-kontoar der dei legg ut bilete og anna innhald av elevar.

Les også De flaueste festbildene dine på Facebook kan bli brukt til å trene KI

Ny beskjed fra Meta mai 2024

Slik er det også i Sunnfjord-skulane.

Men no må altså gamle bilete frå skuleavslutningar og SFO- arrangement vekk grunna Meta sitt nye grep.

Skulesjefen kjenner ikkje til om andre kommunar har gått ut med same oppmoding som han sjølv.


Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule i Sunnfjord

Skulesjefen i Sunnfjord Åge Stafsnes seier det er ein del arbeid med slettinga, men at han så langt ikkje har fått nokre reaksjonar frå skulane. – Men også heile kommunen må tenkje seg om når vi legg ut bilete, legg han til.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

På Vassenden skule i kommunen synest elevane det er synd at fine minne frå skuletida no blir sletta.

– Det er veldig dumt. Det ligg jo mange kjekke bilete som hadde vore kjekt for foreldre og familie å sjå, seier Ella Grønfur.

Klassekamerat Nikolai Gjesdal er samd, men forstår samstundes skulen veldig godt.

– Dei gjer det for å ta vare på oss. Sjølv om vi ønskjer at skulen skal legge ut bilete, så er det skummelt når vi ikkje veit kva det kan verte brukte til.

Dei to ungdomsskuleelevane kjem sjølve til å vere meir obs på sine eigne kontoar i tida framover.

– Fornuftig å vere føre var

Mange ekspertar er svært kritiske til Meta sitt grep, som etter planen skulle tre i kraft 26. juni.

Før helga kom nyhenda om at grepet vart utsett etter ein førespurnad frå det irske datatilsynet. Meta meiner likevel at dei har lover og regler på si side.

– Det er creepy, men også problematisk, seier jurist og personvernrådgivar Ida Thorsrud.

For gamle festbilete eller innlegg du har delt for mange år sidan, kan nemleg verte nytta i KI- treninga.

Det er mogleg å reservere seg mot dette, men fleire opplever at det er vanskeleg å få til.

Nokre prøver også å slette Facebook, men opplever at det er også er ei utfordring.

Les også Mange sliter med å slette Facebook: – Mister troen på at jeg har muligheten

Lisa Aaslestad

– Fornuftig å vere føre var

Skulesjef Stafsnes synest Meta sitt nye grep er uheldig.

– Det gjer til at vi ikkje kan bruke Facebook til det det var tenkt som, seier han.

Stafsnes ber også foreldre som administrerer gamle skulekontoar om å gå inn og slette bileta.

– Så lenge Meta held fram med dei nye retningslinjene sine, vil skulen vere restriktiv med bildebruk, seier Stafsnes.

Rektor på Vassenden, Anne-Cecilie Kapstad, skule synest oppmodinga frå kommunen er fornuftig.

– Vi veit ikkje kva desse bileta vil bli brukt til framover. Difor er det fornuftig å vere føre var og at vi går inn og slettar, seier ho.

Anne-Cecilie Kapstad
Rektor Vassenden skule

Rektor på Vassenden, Anne-Cecilie Kapstad, seier dei må finne andre måtar å dele bilete på ein trygg måte.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

Skulen er allereie godt i gang med ryddejobben.

No må dei finne andre måtar å dele bilete frå skulekvardagen, seier Kapstad.