Hopp til innhold

Møre og Romsdal er blitt eitt helserike

Visste du at Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal ikkje eksisterer lenger? I dag blei nemleg desse to helseføretaka slått saman til Helse Møre og Romsdal.

Helse Møre og Romsdal

Dette biletet kan kanskje symbolisere at dei gamle helseføretaka er i ferd med å hamne på dynga medan det nye straks skal avdukast. Edgar Bæverfjord held i lina. Styreleiar John Harry Kvalshaug held tale. Direktør Astrid J. Eidsvik ventar på å få ordet.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Det er ein beinhard politisk strid som utløyste det som skjedde i dag. På Nordmøre og i Romsdal har det vore ein skarp strid om utbygging og eventuell samanslåing av sjukehusa i Molde og Kristiansund.

Helse Møre og Romsdal

Dei tilsette er klar til å brette opp ermene for å arbeide i det nye helseføretaket.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK
Helse Møre og Romsdal

Hovudattraksjonen i seremonien i dag var avduking av skiltet med namnet på det nye føretaket.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK
Helse Møre og Romsdal

... og vips, her er skiltet til det nye 'Helse Møre og Romsdal' avduka.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Ei av følgjene av striden som nådde toppunktet i vinter, var at helseministeren kravde at helseføretaka i Møre og Romsdal skulle slåast saman.

I dag skjedde dette, med ein seremoni i Ålesund.

– Dette er ein viktig dag for innbyggarane i Møre og Romsdal. Vi får samla spesialisthelsetenesta under ei felles leiing og eit felles styre. Dette er ein dag som er verd å markere, seier direktør Astrid Eidsvik.

Når det gjeld drifta, blir det ikkje store endringar frå i dag. Dermed er det lite pasientane kjem til å merke i byrjinga.

– I byrjinga går drifta som før. Behandlingstilboda går som tidlegare. På sikt er målsetjinga å få endå betre kvalitet på tenestene som vi gir til innbyggarane våre, seier Eidsvik.

Etter som tida går kan det imidlertid bli store endringar. I staden for å sjå helsetilboda på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre meir eller mindre isolert, kan det kome ei endå meir ommfattande koordinering av helsetilbodet i heile Møre og Romsdal.

– I ein startfase skal vi arbeide med å få til eit heilskapleg tilbod i Møre og Romsdal. Tankegangen om dette skal også inn blant medarbeidarane våre, og det er krevjande i seg sjølv. Så skal vi starte prosessen med å utvikle fagtilbodet. Her har vi ein unik sjanse til å bli betre, seier Eidsvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL