NRK Meny

Hektisk for politiet

Politiet har hatt ei hektisk natt i Møre og Romsdal. Det har vore slåsting i både Ålesund, Ørskog og Molde. Fleire pesonar måtte ha legetilsyn. Ingen har kome alvorleg til skade, men minst fire personar er melde til politiet etter episodane. Politiet både på Nordmøre og Romsdal og på Sunnmøre har også rykt ut til mange privatfestar og bede festdeltakrane om å dempe for høg musikk.