Hopp til innhold

Hektisk for Flø feriesenter

- Årets turistsesong vert heilt annleis. Det seier drivar av Flø feriesenter i Ulstein kommune, Eldar Stein Flø (bildet), til NRK. Medan han vanlegvis har mange utanlandske turistar som er der mange veker i strekk, vert det i sommar norske turistar som truleg er der berre 2-4 netter kvar. Dette gjer at det vert ein meir hektisk sesong med stor utskifting. I langhelga no har Flø feriesenter 95 prosent belegg, og i den beste månaden juli er store delar allereie booka inn, seier Flø.

Eldar Stein Flø, Flø feriesenter
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL