Hopp til innhold

Hausten blir spanande for arbeidsfolk

Nav fryktar fleire arbeidslause til hausten. Etaten er spent på utviklinga dei komande månadane.

Mekanisk verksted - oljebransje

Oljebransjen slit og det gir ringverknader for mange bransjar. Mange er spente på kva som skjer vidare utover året.

Foto: NRK

– Somme bedrifter snakkar om oppseiingar, andre om både permitteringar og oppseiingar. Hausten blir anten dyster, eller kanskje litt betre enn vi fryktar, seier Stein Atle Veland, fylkesdirektør i Nav.

Stein Atle Veland

Fylkesdirektør Stein Atle Veland i Nav ser ikkje heilsvart på situasjonen for arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal.

Foto: NAV

Nav i Møre og Romsdal er som store delar av arbeidslivet, svært spent på kor mange arbeidsplassar som kjem til å forsvinne før året er omme.

Trist med oppseiingar

Fylkesdirektøren i Nav synest det er trist at Rolls-Royce må skjere ned over 300 arbeidsplassar i Marinedivisjonen. Selskapet varsla i dag at dei første som må gå, blir ingeniørar og administrativt personell.

– Vi er i ferd med å legge bak oss svært gode tider. Historisk sett har den maritime industrien vore svært flink til å tilpasse seg marknaden og ta naudsynte korrigeringar. Dette vil skje no også, seier Veland.

Rolls Royce i Ulsteinvik

Rolls-Royce i Ulsteinvik er ei av seks avdelingar i selskapet der det kan bli nedskjeringar i arbeidsstokken.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Veland meiner det likevel ikkje er heilsvart. Ein del næringar har gode tider, til dømes eksportnæringane. Der bør det vere gode sjansar for å finne seg jobb, meiner fylkesdirektøren.

Lengre arbeidsreiser og større konkurranse

Han ser også moglegheiter for ingeniørar som misser jobben.

– Kommunane og andre deler av det offentlege har lenge har hatt problem med rekruttering av ingeniørar. Også andre bedrifter kan vere ute etter slik attraktiv arbeidskraft. Er dei som misser jobben innstilte på litt lengre arbeidsreiser enn dei har i dag, vil mangt kunne løyse seg, seier han.

Det er ikkje tvil om at konkurransen om ledige arbeidsplassar vil auke i tida framover, meiner Nav-sjefen.

– Nav er særleg opptekne av at dei som frå før har vanskar med å kome seg inn på arbeidsmarknaden, vil få det endå tøffare, seier han.

Arbeidere på Valemon-plattformen

Reparasjon og vedlikehald av oljeplattformer har gitt arbeid for mange siste åra. Det spørst korleis det går vidare.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tru på gründerfylket

Stein Atle Veland er ikkje i tvil om at næringslivet i Møre og Romsdal har fordelar som andre ikkje kan vise til. Han gir honnør til eit omstillingsdyktig næringsliv.

– Erfaringane er jo at der andre berre ser svart hav, ser det lokale næringslivet og gründerane verdiar dei kan utvikle. Det er ein eigenskap som vil prege arbeidslivet i fylket vidare, meiner han.