Hopp til innhold

Ny sunnmørspolitimeister på plass

Jon Steven Hasseldal starta denne veka i jobben som politimeister på Sunnmøre.

Jon Steven Hasseldal

POLITIMEISTER PÅ PLASS: Jon Steven Hasseldal tok denne veka til som politimeister i Sunnmøre politidistrikt. Bildet er frå tidlegare.

Foto: Tunaal-Larsen, Johanne / Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Jon Steven Hasseldal

- GODT MOTTEKEN: Det seier Jon Steven Hasseldal etter å ha kome til Ålesund.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Hasseldal kjem frå jobben som politistasjonssjef i Agder politidistrikt, og blir med sine 40 år yngste politimeisteren i landet.

- Dei fyrste dagane har vore fulle av nye inntrykk, og eg har blitt svært godt motteken, seier Hasseldal i følgje ei pressemelding frå Sunnmøre politidistrikt.

Sørlendingen har berre vore i Ålesund eit par gongar tidlegare, og skal no bruke tid på å gjere seg kjent med både distriktet og sine nye kolleger.

Hasseldal er opprinneleg frå Evje i Aust-Agder. Han vart i januar utnevnt til politimeister etter at tidlegare politimeister Arne S. Karoliussen gjekk av ved nyttår.