Hopp til innhold

Hårre heite, for ei kveite!

Desse russiske fridykkarane fanga kveite på 135,5 kg utanfor Kristiansund onsdag.

Fridykkere fanget kveite på 135 kilo i Kristiansund

SJEKK DEN KVEITA: Fridykkarane var ikkje førebudd på ein slik fangst då dei kom til Kristiansund.

Foto: Privat

Fridykkarane fanga kveita med harpun under ein oppvarmingstur før undervassjaktcupen i Kristiansund i helga.

Leiar i Fridykk Midt-Norge, Truls Melbye, fortel til adressa.no at dei sjekkar om dette er verdsrekord i største kveite fanga med harpun.

Fann kveita under «oppvarming»

Fridykkere fanget kveite på 135 kilo i Kristiansund

Kveita var på 135,5 kg. Er det verdsrekord?

Foto: Privat

Dei russiske dykkarane kom tidleg til byen før undervassjakta, og tok seg ein tur i sjøen for å «varme opp» og leite etter dei gode plassane.

Etter at hovuddykkaren fekk auge på kveita tok det ikkje lange tida før han skaut ho med harpunen. Men arbeidet etterpå tok lengre tid.

– Det tok ein time før dykkarane fekk kveita på land, fortel Melbye til NRK.

Melbye fortel at det ikkje er optimalt å ete så store kveite fordi den kan vere full av miljøgifter. Men ifølgje han har kveita allereie blitt middag.

– Skal ein ete kveite er det anbefalt at den er under 40 kg, men denne på 135,5 er likevel mogeleg å nyte. Men den er litt tørrare og inneheld ein del stoff som ikkje er bra for kroppen i store mengder.

Dronningkveite

Mange meiner at denne kveita er dronninga, og at den held bestanden oppe.

– Eg syns det er flott at undervassjegerar klarer å finne ein slik fangst, og ut ifrå det eg veit er dette gjort på heilt lovleg vis innanfor ein lovleg periode, seier Melbye.

Han legg til at det er strenge reglar knytte til kveitefiske, men seier at så lenge ein gjer det riktig syns han det skal vere lov å nyte fangsten.

– Personleg ville eg ha fotografert kveita og brukt tid saman med den før den eventuelt flytta på seg. Fridykkarar i Norge bryr seg om miljøet, og gjer mykje for å beskytte det. Denne kveita blei teken utanfor konkurranse, så det er ingen trofefisk. Eg ønsker jegerane lykke til med fangsten, seier Melbye.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL