Måndag ettermiddag var det Hareid ungdomsskule som skulle i elden i årets klassequiz. Dei tre deltakarane, Peter Teigene, Olav Håberg Dimmen og Oda Djupvik var ved godt mot og meinte at dei kunne bli best.
– Vi har pugga og lest bøker i juleferien. No skal vi bevise at vi er hareidstølingar, sa Peter Teigene rett før quizmaster Sara Lovise Roaldseth køyrde i gong konkurransen.
Starta bra
Laga i klassequizen skal svare på til saman 12 spørsmål i tre kategoriar. Hareidstølingane trekte kategori «tal» først og det gjekk strålande. Elevane svarte riktig på alle dei fire første spørsmåla og var godt nøgde.
– Det var det eg sa, ler Peter Teigene.
Vanskeleg D-dag
Neste tema var «DAG» og det gjekk ikkje fullt så bra. Dei visste ikkje at arbeidernes dag er 1.mai, at 6.juni vert kalla D-dag og at Atle Antonsen spelar hovedrolla i tv-serien Dag. Dermed vart det berre eitt poeng i denne kategorien.
Dei siste fire spørsmåla var i kategori «eld» og der klarte laget å sanke inn tre poeng. Det einaste dei ikkje hadde rett svar på var i kva periode det er lov å brenne bål. Det riktige svaret er 15. september til 15. april. Elevane tenkte at det mest logiske var 15. mars til 15. august sidan St. Hans er i denne perioden.
Vart slått av Møre ungdomsskole
– Vi var ikkje så smarte som vi trudde, men vi klarte det nokon lunde, seier Peter Teigene etter oppsummeringa.
Hareidslaget fekk åtte poeng av 12 moglege og vart dermed slått av Møre ungdomsskole. Dei fekk 10 poeng.
Her er ettermiddagens spørsmål og svar:
TALL
1) Hvor mange nuller er det i en milliard? (9)
2) Hvor mange ruterkort er det i en kortstokk? (13)
3) Hvor mange måneder er det i to kvartaler? (6)
4) Hvor mange representanter er det på Stortinget? 149 – 159 – 169 (169)
DAG
1) Hvilken ukedag er alltid 2. påskedag? (mandag)
2) Hvilken dato kalles arbeidernes dag? (1.mai)
3) Hvem spiller hovedrollen i TV-serien «Dag»? Espen Eckbo – Atle Antonsen – Thomas Gjertsen (Atle Antonsen)
4) Hva kalles 6. juni 1944 under 2. verdenskrig? (D-dagen)
ILD
1) Hva er Brannvesenets nødnummer? 110 – 112 – 113 (110)
2) Hvilken artist kom med «Set fire to the rain» i 2011? (Adele)
3) Hvilken forfatter skrev eventyret «Piken med svovelstikkene»? (H.C.Andersen / Andersen)
4) Hvilken periode er det lov å brenne bål? 15. mars til 15. august – 15. august til 15. mai – 15. september til 15. april (15. september til 15. april)