Hopp til innhold

Hardt ut mot Spis Grilstad

Fylkesmannen rettar krass kritikk mot Spis Grillstad.

Fylkesordfører i Møre og Romsdal, Olav Bratland

Fylkesordfører Olav Bratland.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Fylkesordførar Olav Bratland reagerer sterkt på at Spis Grilstad ikkje vil slippe til nye aktørar på anlegget på Vestnes, heiter det i ein pressemelding frå Fylkeskommunen.

- Møre og Romsdal fylke har vore opptatt av aktiviteten rundt Spis Grillstad sitt anlegg på Vestnes i haust. Ved dette anlegget er det 71 arbeidsplassar som ville bli borte som resultat av at leiinga i Spis Grillstad har bestemt å legge ned verksemda. Det var derfor med glede vi registrerte at Bunnpris ville overta det økonomiske ansvaret for anlegget på Vestnes og sikre arbeidsplassane, skriver Fylkesordføraren i meldinga.

Det er med uro og ubehag vi opplever Spis Grillstad sine negative haldningar til å la Bunnpris overta anlegget på Vestnes, og sikre arbeidsplassane. Etter fylket sitt syn er det feil å avvikle over 70 lønsame arbeidsplassar og la anlegg verd mange millionar bli ståande tomme, når det er andre investorar som vil overta anlegget. Etter fylket sitt syn bør Spris Grillstad ta det ansvaret for ansatte og verdiar som samfunnet kan forvente av eit så stort foretak.

Fylket reagerar sterkt på at Spis Grillstad sender 71 menneske ut i arbeidslause for å unngå at det kan etablere seg ein mogleg konkurrent på Vestnes. I næringslivet vert konkurranse svært ofte framheva som viktig, dette er eit synspunkt fylket støttar. Etter fylket sitt syn, bør Spis Grillstad arbeide for å utvikle seg i ein marknad med konkurranse, heller enn å motvike konkurransen.

Fylke vil be eigarar og leiinga i Spis Grillstad om å ta naudsynt samfunnsansvar i denne saka, og la nye eigarar overta anlegget på Vestnes utan konkurransehemmande krav.

Fylket ser denne situasjonen som så alvorleg at vi vil løfte denne problemstillinga til eit høgare politisk nivå om vi ikkje ser ei snarleg løysing på denne saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL