Hopp til innhold

Haramsskular blir lagt ned

Skulen på Hildre blir lagt ned frå 2012. Skulen på Grytastranda i 2011. Det avgjorde kommunestyret i Haram med knappast mogleg fleirtal torsdag kveld.

Hilde skule i Haram

Hilde skule i Haram.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ordførar Bjørn Sandnes seier til NRK at politikarane bestemte seg for å vente med nedlegging for at bygdefolket skal få tid til å starte privat skuledrift i mellomtida.

Bjørn Sandnes

Ordførar Bjørn Sandnes i Haram.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Vi har hatt ein lang debatt om skule i Haram, vi fann ut at dette var det beste, seier Sandnes. Men vedtaket blei gjort med knappast mogleg fleirtal, 19-18 og 18-18. Dermed måtte ordføraren bruke si dobbeltstemme:

- Det er aldri kjekt når det blir så tett, ein ønskjer jo helst ikkje at det skal vere heilt uavgjort, seier Sandnes.

- Glad saka er over

I innstillinga frå formannskapet heitte det at skulane skulle drivast vidare ut kommunestyreperioden. Men politikarane vedtok altså å leggje ned begge skulane.

- Eg meiner skulane i Brattvåg og Søvik har plass til alle elevane i Haram, og at vi kan tilby dei eit like godt tilbod der. I tillegg vil vi spare pengar på dette, då var i grunn saka klar, seier Sandnes. Han er no glad for at debatten om skulane i Haram er over.

- Det er godt at skuledebatten er over no. Saka har pågått lenge, det har vore sterke kjensler i sving, så det er godt å kome til ein ende, seier han.

Søknad om friskule

Ifølgje Sandnes har initiativtakarar allereie søkt om å starte friskule på Grytastranda, foreldre rundt Hildre skule vil gjere det same. Dei treng tid til å oppdatere lærekreftene i forhold til den pedagogikken dei skal bruke på skulane.

- Vi har imøtekome det ønskjer, og er postive til engasjementet, seier Sandnes. Han seier mellom 30 og 40 privatpersonar følgde debatten i Haram kommunestyre torsdag kveld.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL