Det var stor ståhei då kommunestyret i februar bestemte seg for å bygge ny sjukeheim og kulturhus i Brattvågen. Og no kan det bli meir bråk. For kommunen kan ha brote EØS-reglane i arbeidet med å finne eit firma som kunne ta på seg arbeidet med det nye bygget.
ESA meiner at Haram kommune kan ha brote EØS-reglane i samband med bygging av ny sjukeheim og kulturhus i Brattvåg.
Etterforskinga i ESA skal avdekke om kommunen endra prosjektet undervegs, utan å sende ut ny invitasjon til alle som kunne tenkje seg å sende inn eit tilbod. Dersom svaret blir ja, kan kommunen måtte starte prosessen heilt på nytt.
Grove feil
Selskapet Selmer Skanska blei vraka til fordel for selskapet Rolf Olset i anbodsprosessen, og advokat Trygve Olavson Laake, som representerer selskapet meiner kommunen har gjort ein grov feil. For det første meiner han at det reviderte anbodet frå Rolf Olset skulle ha vore avvist fordi det kom inn for seint. Men når kommunen gjekk inn i forhandlingar med entreprenøren, meiner Olavson Laake at dei også burde ha invitert Selmer Skanska slik at det vart ein reell konkurranse.
Forhandlingar
Ordførar i Haram kommune, Oddbjørn Vatne
Men ordføraren i Haram kommune, Oddbjørn Vatne, meiner at dei ikkje har brote EØS-regelverket i denne saka. Han seier at dei no er i forhandlingar med eit selskap, og at han reknar med at dei vil teikne kontrakt om kort tid. Etterforskinga foregår no for fullt, men Vatne held fast på at dei har følgt reglane.
Norske styresmakter har fått frist til 15.august med å uttale seg.