Hopp til innhold

Har signert ny spelar

Handballaget Molde Elite har signert den tsjekkiske landslagsspelaren Marketa Sustackova (26). Det skriv klubben i ei pressemelding.

Sustackova kjem frå spel i den franske ligaen og har signert ei kontrakt for fleire sesongar med Molde.

– Eg ser fram til ny impulsar og ein litt anna type handball, seier handballspelaren.

Trenar Tor Odvar Moen fortel at han blei kjent med Sustackova då han var på samling med Tsjekkia i fjor haust.

– Der fekk eg eit veldig godt inntrykk av henne, både som spelar og person. Ho er ein veldig allsidig høgreback med gode finter, eit godt skot og fint overblikk. I tillegg er ho sterk i forsvarsspelet, seier Moen.

Den Tsjekkiske landslagsspilleren Marketa Sustackova (26) er klar for Håndballjentan til Molde Elite.
Foto: Molde Elite