Hopp til innhold

Har fått redusert straff

Lagmannsretten har redusert straffa til ein mann i 70-åra som Møre og Romsdal tingrett dømde for seksuell omgang med ei psykisk utviklingshemma kvinne.

Straffa er no fengsel i sju månader. Tingretten dømde han til fengsel i eitt år og fire månader.

Fleirtalet i lagmannsretten kom til at mannen skulle dømast for seksuell krenkande handling og ikkje seksuell omgang.

Mindretalet ville karakterisere handlingane både som seksuell omgang og at mannen hadde utnytta ei psykisk utviklingshemming til å skaffe seg sex.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL