Hopp til innhold

Håper på 50-60 nye arbeidsplassar

–På sikt kan vi få 50-60 nye arbeidsplassar her på Fiskåholmen i Vanylven. Det seier styreleiar i Stryvo Group AS, Oddvar Strand til NRK. Etter at Ulstein la ned verksemda og kommunen kjøpte anlegget, er det no ny drift på det ganle verftsområdet.

Nysatsing på Fiskåholmen i Vanylven

Oddvar Strand (t.v) og Jostein Bøe (t.h) i Stryvo Group AS står bak nysatsinga på Fiskåholmen i Vanylven.

Strand er positivt overraska over standarden på heile anlegget som Ulstein hadde i fleire tiår. Det gjer det enklare for dei å ta over.

Førebels er det ikkje mange sjelene som arbeider inne i den enorme produksjonshallen, men fleire skal det bli. Stryvo Group AS frå Stryn har mellom anna inngått ein avtale med Waves4Power. Målet er å starte med produksjon av bølgekraftverk.

I den nesten tome hallen, der det før vart laga seksjonar for Ulstein verft, er det no berre eit stort sjøvassfilter som står plassert. Eit filter som skal leverast til Heidrun, fortel

Jon Are Fjeld i Stryvo Bismo AS

Jon Are Fjeld i Stryvo Bismo AS.

Foto: Arne Flatin / NRK

prosjektleiar Jon Are Fjeld i Stryvo Bismo AS.

Kommunen er nøgd

Vanylven kommune som kjøpte anlegget frå Ulstein for ein rimeleg sum er tilfreds med den nye aktiviteten og ordførar Lena Landsverk Sande håper Strand har rett når han på sikt snakkar om 50-60 arbeidsplassar. Heilt frå Ulstein la ned verksemda har kommunen vore aktive for å få leigetakarar på plass.

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

Foto: Arne Flatin / NRK

Strand rosar samarbeidet med kommunen. Han seier Vanylven kommune har stått fram som svært profesjonelle og dyktige i den prosessen som har vore med å få hand om industriområdet på Fiskåholmen.

Jostein Bøe er dagleg leiar i Stryvo Group AS. Han seier at alt ligg til rette for å få opp igjen ein produksjon.

–Dette vert av ein meir teknologisk art enn det som har vore her før. Eg trur ikkje dette vert eit skipsverft igjen for bygging av stålseksjonar, men det vi ser for oss er ein litt annan kompetanse med samanstilling og kompetansearbeidsplassar.

Han er klar over at dette med bølgekraftverk er krevjande.

– Dette er eit tøft segment. Fleire tusen på verdsplan har prøvd men ingen av desse har fått til noko som kan drivast kommersielt. Waves4Power har fleire prosjekt på gang og testar ut bøyer som skal gi energi. Mellom anna er det testbøye utanfor Runde i Herøy. Denne skal ligge der til over komande vinter.

Sjøvassfilter

Sjøvassfilteret vert bygd i det gamle anlegget til Ulstein. Dette skal leverast til Heidun.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL