Hopp til innhold

Håp for Raumabana?

Det kan vere nytt håp for godstoget på Raumabanen. I slutten av oktober varsla Green Cargo at dei gir opp godstog etter berre få månaders drift. Men no ønskjer selskapet å auke godsmengda på Raumabanen og ventar berre på grønt lys frå Jernbaneverket, skriv nettstaden gd.no (krever innlogging). Dette vil vere med å betre vilkåra, og kan dermed føre til vidare drift.