Hans Hyldbakk levde heile livet i Surnadal, og kjærleiken til heimbygda var drivkrafta i arbeidet hans.
Han debuterte som lyrikar i 1929, og gav til saman ut ti diktsamlingar. Den siste kom det året han fylte 100 år.
Hans Hyldbakk kjem særleg til å verte hugsa for diktet Vårsøg, som sambygdingen Henning Sommerro sette tone til.
Hyldbakk er også kalla småkårsfolkets historikar. Han var den fyrste som samla og gav ut slektshistorie om husmannsstanden, og han skreiv bygdebøker for seks kommunar.
Hans Hyldbakk opplevde stor suksess seint i livet; mellom anna sette stykket NO SKIN DET SOL publikumsrekord for Teatret Vårt i 1995. Stykket inneheldt ei samling sjølvbiografiske Hyldbakk-tekstar.
Hyldbakk var det eldste medlemmet i Den norske forfatterforening, han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1994, og fylkeskulturprisen i 1973.
Etter at han vart pensjonist har han gitt over ein million kroner til Surnadal kommune. Pengane vert brukte i KLEIVAFONDET, som skal fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål. Heimplassen hans, Kleiva, er i tillegg sentral i den årvisse VÅRSØGHELGA.
Torsdag denne veka vert Hans Hyldbakk gravlagd frå Ranes kyrkje i Surnadal.