Hopp til innhold

Hanna (26) slutta med vippeserum då ho høyrde om biverknadane

Middelet skal gje lengre og sterkare augevipper, men Mattilsynet åtvarar mot bruken.

Hanna Heggdal

OVERRASKA: Hanna Heggdal brukte vippeserum i to månader. Ho seier ho blei svært overraska då ho høyrde om biverknadane som kosmetikkproduktet kan gje.

Foto: PRIVAT

– Det var vel som med dei fleste andre. Eg blei freista til å få lengre og mørkare augevipper, seier Hanna Heggdal.

Vippeserum er eit kosmetisk produkt som ein smør på augeloka for å få vippene til å vekse.

Heggdal brukte det i to månader før ho kom over ei nettside med informasjon om moglege biverknader.

– Eg blei litt sjokkert eigentleg, for eg var overhovud ikkje klar over det, seier Heggdal.

Hanna Heggdal

VIPPER: Hanna Heggdal brukte vippeserum for å få lengre og fyldigare augevipper.

Foto: PRIVAT

– Bør vere bevisst på risikoen

Spesialist på augesjukdommar, Lars Ingvald Johnsen, seier brukarar av vippeserum bør vere bevisst på kva risiko dei utset seg for.

Ifølgje Johnsen er verkestoffet, prostaglandinar, det same som ein nyttar til å behandle grøn stær.

– Det gir lange og fyldige vipper, men ikkje permanent. Ein må bruke det jamt om det skal vare. Andre biverknadar derimot, kan bli permanente.

Lars Ingvald Johnsen, lege og spesialist på augesjukdommar hos Nidaros øyeklinikk.

LEGE: Lars Ingvald Johnsen jobbar om augekirurg og er spesialist på augesjukdommar hos Nidaros Øyeklinikk.

Foto: Nidaros øyeklinikk

– Det kan vere misfarging av hud eller iris og feittatrofi. Det vil seie at ein mister noko av feittet i augehola, og får innsunkne eller hole auge, likt det ein kan sjå hos ein svært avmagra person, seier Johnsen.

Han har hatt fleire pasientar med biverknader frå vippeserum. Spesielt permanent misfarging av nedre augelok går igjen.

– Det blir ei brunleg misfarging. Om ein har lys hud, så viser denne pigmentforandringa veldig godt, seier Johnsen.

Åtvarar mot ingrediensar

Mattilsynet har tilsyn med kosmetikk i Noreg. Dei åtvarar mot å bruke vippeserum med prostaglandinar, men produkta er lovlege å selje i Noreg på grunn av EU-reglar.

Seniorinspektør Birgitte Lyrån seier dei ikkje regulerer innhaldet i vippeserum.

– Det er krav om at produktet skal vere trygt, men det finst ingen fastsette grenseverdiar for desse prostaglandin-derivata. Det er opp til kvart enkelt selskap å dokumentere, seier Lyrån.

Ho seier EU har arbeid gåande i SCCS. Det kan ende med at nokre av desse ingrediensane får grenseverdiar eller vert forbode.

– Men dette arbeidet tek tid, seier Lyrån.

I 2013 kontakta Mattilsynet bedrifter som selde vippeserum med prostaglandin i Noreg. Då trekte alle selskapa produkta frivillig.

Sidan den tid har det kome nye produkt på marknaden.

Ifølgje Mattilsynet er det grunn til å tru at det er ein vesentleg underrapportering av biverknader frå slike produkt. Eit av selskapa som sel vippeserum med prostaglandin i dag er Iglow.

Meiner det ikkje gjeld deira produkt

Ingen i Iglow hadde moglegheit til å stille til intervju med NRK, men dagleg leiar Eline R. Bratten har svart på spørsmål via e-post.

Produktet deira Iglow Lash Maximizer inneheld Isopropyl Cloprostenate. Det er ein av ingrediensane som Mattilsynet åtvarar mot.

Men Bratten meiner at åtvaringa ikkje gjeld Iglow sitt produkt. Ho skriv at dei er ein seriøs kosmetikkaktør, som held seg innan for EU sitt regelverk.

– Ikkje verdt det

Hanna Heggdal har kasta vippeserumet.

Produktet ho brukte inneheldt ein av ingrediensane som Mattilsynet åtvarar mot.

– Eg tør ikkje bruke det lengre. Det er ikkje verdt det når ein risikerer å få varige skader, seier Heggdal.

Hanna Heggdal

SLUTTA: Hanna Heggdal seier det var skremmande å lese om biverknadane ein kan få av å bruke vippeserum. No har ho slutta å bruke stoffet.

Foto: PRIVAT

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL