Hærverk på bilar i Ålesund
Eit firma i Borgundfjordvegen i Ålesund har blitt utsett for skadeverk i løpet av natta, det melder politiet. Dekka på to bilar har blitt skore opp og sidespegel har blitt knust. Politiet er i gang med etterforsking på staden, og ønsker tips på 02800 dersom nokon har sett noko.