Hopp til innhold

Grunnlag for å sikte fleire belgiske spesialsoldatar

Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier det er grunnlag for å sikte fleire belgiske spesialsoldatar etter valdshendinga i Åndalsnes sentrum natt til søndag. Politiet arbeider no med å identifisere desse soldatane.

– Videoopptak viser at det er fleire personar som utøver vald enn dei som har vore arresterte til no. Dei personane vi ser utøver vald er primært belgiske soldatar, seier Skorpen-Trøen.

Han legg til at politiet undersøkjer også om lokal ungdom som enten utøvde vald eller provoserte til vald.

– Vi har vesentleg betre oversikt over hendingane enn då politiet byrja etterforskinga søndag, seier han.

Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier at dei leitar etter svar på fleire ubesvarte spørsmål, men han ønskjer ikkje gå nærare inn på kva dette er.

Anders Skorpen-Trøen står utenfor politistasjonen i Molde. Han har på seg politiuniform, og ser alvorlig inn i kamera.
Foto: Roar Strøm / NRK