Politiet er sjokkert etter at ein mann i 20-årene blei tatt etter å køyrt i 177 kilometer i timen i Stordalstunnelen natt til søndag.
Alt for fort
- Det er klart at vi ser alvorleg på slik fart, seier politibetjent Arne Lid Skodje til NRK Møre og Romsdal. Dette er jo alt for fort, seier han.
Kom tilbake
Først blei mannen målt til 160 kilometer i timen, men politiet fekk ikkje stansa han. Like etter kom han tilbake i motsett retning, og denne gongen blei han målt til 177 kilometer i timen.
Fenselsstraff ?
Så stor fart kvalifiserer til fengsel utan vilkår og tap av førarkort i lang tid. Dette er svært uvettig køyring, seier Arne Lid Skodje.
Bruk hovudet
- Bodskapen må vere at trafikkantane må bruke hovudet og ikkje utsetje seg sjølv og andre for livsfare, seier han. Det er klart at dette hadde blitt svært alvorleg om han hadde køyrt i fjellveggen eller i ein møtande bil. Då hadde dette blitt ei dødsulukke, seier Lid Skodje.
Fleire køyrer fort
Politibetjent Arne Lid Skodje seier det er eit problem at folk køyrer fort i Stordalstunnelen. - Vi har også tidlegare fått indikasjonar på at det er stor fart i denne tunnelen. Dette ser vi alvorleg på, og vi ønskjer å gjere noko med dette, seier han.
- Intensiverer de kontrollane i tunnelen ?
- ALt tyder jo på at det er eit behov for det, så det er heilt klart at vi er nøydde til å gjere noko med dette, seier Arne Lid Skodje til NRK Møre og Romsdal.
To andre bilistar mista og førarkortet i kontrollen.