Hopp til innhold

- Kommunen sletta grava til bror min utan løyve frå familien

Eldar Sindre Stavseth skulle besøke grava til bror sin. Då han kom dit var grava borte.

Eldar Stavseth

Eldar Stavseth er sjokkert over at grava til broren blei sletta utan at familien fikk vite om det.

Foto: Privat

Til NRK Møre og Romsdal seier Eldar Sindre Stavseth at han fekk sjokk då han besøkte grava til broren og såg at ho var borte. Både gravstein, kantstein og plantar var borte og jorda var jamna ut.

–Der stod vi fire vaksne, og tårene rann, seier Stavseth, som har besøkt broren si grav med jamne mellomrom i 40 år.

Grava blei sletta

Broren blei berre 20 år gamal, og blei gravlagd ved Borgund kyrkjegard i Ålesund. Etter at Stavseth flytta til Hordaland har besøka blitt sjeldnare, men han har vore innom så ofte som mogleg.

– Dei sa dei hadde sett ut merkelapp for 6 månader sidan. Då dei ikkje fekk kontakt på grunnlag av dette, berre sletta dei grava, seier Stavseth.

Kommunen sette opp lapp

Då han kontakta kyrkjeverjekontoret fekk han opplyst at dei hadde sett opp ein merkelapp for seks månader sidan, og sidan dei då ikkje hadde høyrt noko, sletta dei grava, fortel Eldar Sindre Stavseth.

– Då det gjekk opp for meg kva som hadde skjedd, følte eg meg heilt makteslaus. Det var rett og slett eit sjokk, seier Stavseth til NRK. Vi er vane til mykje gjennom livet, men dette var toppen av det heile, seier han.

– Sende ikkje varsel

Det kom aldri noko brev med varsel til familien om at grava var i ferd med å bli sletta. Stavseth er skuffa over at det ikkje blei gjort meir for å finne ut kva familien ønskte.

– Dei hadde klart å nå tak i meg heile døgnet, både skriftleg og pr. telefon. Etter mi meining har dei ikkje gjort nokon verdens ting for å få tak i meg, seier Stavseth.

Kyrkjeverjen stadfester sletting

Kyrkjeverje Atle Sandnes stadfestar at graver av og til blir sletta utan at dei har vore i kontakt med dei pårørande, men rutinen er å kontakte den som er registrert som festar det året festet for grava går ut for å høyre om dei vil fornye festet.

Atle Sandnes, kirkeverge i Ålesund

Kyrkjeverje i Ålesund, Atle Sandnes.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Vi set ut skilt på grava når vi ikkje har noko namn på kven vi kan kontakte, seier Sandnes. Slike skilt blir i alle fall ståande ein heil sommarsesong. Dersom dette ikkje fører til noko, tek vi bort gravstøtta og lagrar henne, for å sjå om nokon tek kontakt. Neste trinn er at vi slettar grava, seier han.

– Vanskeleg å få kontakt

Kyrkjeverje Atle Sandnes seier det av og til er vanskeleg å få kontakt med dei som har ansvaret for graver der festetida er ute. Når dei set opp lapp på grava, har andre måtar å oppnå kontakt ikkje gitt resultat seier han. Eldar Stavseth meiner kommunen burde finne nye måtar å oppnå kontakt på.

– Dei må legge om praksisen sin. Det må sendast skriftleg brev til pårørande. Då kan familiane sende brev tilbake med svar på om familiane ønskjer å behalde grava, eller om dei ønskjer at ho skal slettast, seier Stavseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL