Hopp til innhold

Gravferd og minnestund

Fredag vert den første etter Buorbon Dolphin-forliset gravlagd. Oddne Arve Remøy (44) vert gravlagd frå Herøy kyrkje. Samstundes skal det vere minnestund for sonen, David Remøy (14).

Herøy kyrkje - eit samfunn i sorg
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Seremonien vert leidd av residerande kapellan, Jens Terje Johnsen.

- Eg samarbeidar med familien no, for å få på plass alt, seier Johnsen.

- Vi lyttar til korleis familien har det, og korleis dei ser for seg at dette skal vere. Og så støttar vi opp om dette og skal gjere vårt for at dette skal verte ei verdfull stund, seier han.

Truleg full kyrkje

Herøy kyrkje har sitteplassar til 700 personar. Søndag var det 800 personar som deltok på minnestund.

- Vi veit ikkje kor mange som vil kome, men der er prosedyrer som gjer at det vert skaffa fleire sitteplassar viss det er behov. Vi skal ta i mot så mange det er forsvarleg å ha i kyrkja, seier Jens Terje Johnsen.

Også regjeringa vurderer om dei skal sende ein representant til gravferda på fredag.

Fleire gravferder og minnestunder

Laurdag 21. april vert det gravferd for Kjetil Rune Våge (31). Han vert gravlagd frå Sande kyrkje på Sandsøya.

Måndag 23. april vert Bjarte Grimstad (37) gravlagd frå Hareid kyrkje. Seinare i veka vert det minnestund i Hareid kyrkje for Frank Nygård (42).

Ronny Emblem (25), Tor Karl Sandø (54), begge frå Ålesund, og Søren Kroer (27) frå Danmark, får også eigne minnestunder.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL