NRK Meny

Godtek ikkje politiets avgjerd

Aksjonen Rovviltets Røst stiller seg undrande til at politiet har konkludert ulikt i to like saker som dei melde til politiet i fjor. Både Nord Fron Sau og geitealslag og Møre og Romsdal sau & geit blei melde for det aksjonen meinte var brot på mellom anna viltlova.

Nord Fron fekk ei bot på 15 tusen kroner – medan saka mot Møre og Romsdal er lagt bort. Aksjon Rovviltets Røst vil ikkje godta så ulikt utfall i dei to sakene, og vil ta opp att saka.