Hopp til innhold

Godtek å betale erstatning for mobbing

Romsdalskommunen som er dømd til å betale ei kvinne 2, 7 millionar kroner for at ho blei mobba då ho gjekk på skulen, ankar ikkje dommen.

Romsdal Tingrett sal 2

Erstatningssaka var oppe i Romsdal tingrett tidlegare i juli.

Foto: Roar Jonny Strom

Eit samrøystes kommunestyre bestemte at dei godtek erstatningskravet frå kvinna etter lukka behandling av saka no i ettermiddag.

Kommunestyret blei informert om dommen og debatterte så saka. Dei brukte halvannan time på gjennomgangen, opplyser ordføraren i kommunen.

Han meiner at når alle dei politiske partia i kommunen seier samla nei til å anke dommen, talar det sitt tydlege språk.

Sverre Larhammer

Sverre Larhammer er advokat for kommunen i mobbesaka.

Foto: Sverre Larhammer

Advokat Sverre Larhammer, som representerte kommunen i saka, vil ikkje kommentere vedtaket i dagens kommunestyre.

Mobba over lang tid

Kvinna som no får utbetalt 2, 7 millionar kroner for det ho gjekk gjennom av mobbing over fleire år i skulen, gjekk til sak mot kommunen fordi ho meinte mobbinga gjorde henne sjuk.

Romsdal tingrett slo tidlegare i juli fast at kommunen må gi kvinna erstatning millionerstatning etter alt det som skjedde.

Kvinna er i dag 75 prosent ufør.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL