Hopp til innhold

Godkjenner sjukehuskoordinator

Helseminister Bent Høie godkjenner ordninga med sjukehuskoordinator, seksjonsleiing og avdelingsleiing som ei form for stadleg leiing på sjukehusa i Møre og Romsdal. Dette skjer i eit svar på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Else-May Botten. I spørsmålet frå Botten heiter det at Helse Møre og Romsdal ikkje har innført stadleg leiing ved sjukehusa. Høie svarar at han er orientert om måten Helse Møre og Romsdal har organisert seg med gjennomgåande klinikkstruktur, leiing på klinikk og avdelingsnivå i tillegg til koordinatorar på kvart sjukehus.

Bent Høie
Foto: Jørn Tveter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL