Godkjende byggeplanar

Styret i Helse Midt-Noreg godkjende i dag dei førebelse planane for ei milliardutbygging ved Ålesund sjukehus.

Med denne utbygginga får sjukehuset nybygg for operasjonsavdeling, intensiv og akuttmottak, i tillegg til andre ombyggingar.

No sender Helse Midt-Norge ein lånesøknad til Helse og Omsorgsdepartementet for finansiering av 70 prosent av kostnadene. Dei resterande 30 prosenta må Helse Møre og Romsdal dekkje.

Utbygging Ålesund sjukehus
Foto: Helse Møre og Romsdal